Høyanger Næringspark

Høyanger Næringspark ønsker å skape og tilrettelegge for nye muligheter for næringsliv i Høyanger. I det tidligere «Fundo-bygget» er det potensiale for ulike aktører med både produksjon, coworking-space og grønn teknologi.

Bakgrunn
«Fundoeigedommen» som den vert kalla har vore nytta til felgproduksjon i ca. 40 år fram til Fundo gjekk konkurs i februar 2009. På det meste var det over 300 tilsette.

Ved konkursen vart det innleia eit tett samarbeid mellom Innovasjon Norge (IN), Høyanger Kommune (HK), leasingselskap, bankane og Saint Jean Wheels (SJW)/Saint Jean Industries (SJI). HIP avtalte med IN å kjøpe bygget i 2010.

SJI informerte hausten 2018 om at det truleg vert stopp i SJW sin produksjon frå årsskiftet samme år. Dette medførte at HIP starta prosessen med å sjå etter kva aktivitet ein kunne skape i bygget etter at eigedommen, som har vore tilpassa ein eigar/ein leigetakar i alle år, kunne nyttast til. Etter eit halvt års drøftingar mellom SJI og HIP vart det i juli 2019 inngått avtale med SJI om at dei kjøper seg ut av leigeavtalen med HIP/HK.

Status
Høyanger Næringspark framstår i dag som eit attraktivt industriareal med god infrastruktur og ein bygningsmasse som gir rom for fleksible løysingar for potensielle framtidige leigetakarar. Åra 2019 og 2020 har vore/vert nytta til å rydde eigedommen og å forsøke å tilpasse lokala for ny utleige.

Hjetland Industripark vil forsøke å auke kapasiteten til planlegging og forretningsutvikling med mål om å få på plass ny bærekraftig aktivitet i næringsparken så raskt som mogeleg.

I dag er det 8 ulike næringsaktørar tilstade som leigetakarar i næringsparken, og det samla utleigde arealet er på ca. 700m2 innvending og ca. 2000 m2 utvendig.

Fleire av dei alt etablerte aktørane i næringsparken har prosjekt på gang som kan føre til vidare utvikling, og skape synergiar internt i parken. Det har også blitt vist interesse for parken frå andre større aktørar. Mykje av arbeidet i næringsparkprosjektet omhandlar i dag å følgje opp denne typen henvendingar, og spre informasjon om næringsparken i relevante næringsfora og nettverk.

Sjå denne sida for meir informasjon om moglegheitene for sirkulærøkonomisk prosessindustri i Høyanger.