Høyanger Næringsutvikling (HNU) vart etablert i 1988 og er Høyanger kommune sitt nærings- og tiltaksapparat.
HNU får driftsmidlane sine gjennom direkte overføring frå kommunen. I tillegg har selskapet tilgang til statlege midlar som kan inngå i meir konkrete prosjekt. Formålet med HNU er å fremje utvikling av allsidig og lønsam næringsverksemd, yte fagleg rådgjeving til eksisterande og potensielle verksemder, arbeide med kompetanseheving for næringslivet, og yte tilskot.
Vedtekter
HNU skal drive aktiv næringsutvikling i Høyanger kommune. Vedtektene gir følgjande føringar for HNU:
- HNU skal ta aktiv del i det næringsretta kommuneplanarbeidet, og i samarbeid med kommunen utforme strategiar for ei aktiv næringsutvikling i kommunen.
- Yte etablerarstønad og tilby rådgjevning ovenfor nyetablerarar og eksisterande verksemder.
- Vere kontaktskapande organ mellom næringsliv og kommunale, fylkeskommunale og statlege styremakter.
- Ta aktiv del i samarbeid med andre tiltaksorgan i og utanfor kommunen.
- I samarbeid med kommunen fremje næringspolitiske saker ovanfor andre instanser.
Styret i HNU
Styret i HNU består av representantar frå næringslivet og medlemmer av kommunestyret.
Petter Sortland
Styreleiar
Petter Sortland er ordførar i Høyanger for Arbeidarpartiet.
May Britt Torsnes
Nestleiar
May Britt Torsnes er HR Sjef på Nyrstar Høyanger.
Arne Martin Kjærland
Styremedlem
Arne Martin Kjærland er fabrikksjef ved Hydro i Høyanger.
Ruth Dyrhovden
Styremedlem
Ruth Dyrhovden er innehavar av Sogn Hotel.
Ann Elisabeth Lavik Akse
Styremedlem
Ann Elisabeth Lavik Akse er innehavar av Lavik Kro.
Hroar Holm Carlsen
Styremedlem
Hroar Holm Carlsen er verksdirektør i Elkem Bjolvefossen.
Steinar Holen
Styremedlem
Steinar Holen er driftssjef i Østerbø Maskin.
Kristin Myren
Vara
Kristin Myren er innehavar av Kristin Kommunikasjon.
Ståle Walsvik
Vara
Ståle Walsvik er avdelingsleiar yrkesfag ved Høyanger vgs.