Peak Høyanger

Saman med Peak Sunnfjord og lokale aktørar har vi starta eit prosjekt med målsetting om å tilby kontor og fleksible arbeidsplassar i eit miljø som er utvikla for å stimulere innovasjon, effektivitet og ikkje minst trivsel for dei som jobbar der. Vi ønsker å skape ein samlingsstad og eit knutepunkt for næringsliv og samfunn, der ein kan ta del i aktivitetar, synleggjering og arrangement som gir noko positivt for både person og bedrift.

Høyanger Næringsutvikling har vore i kontakt med Peak Sunnfjord for å sondere om vi kan få til ein Peak-avdeling i Høyanger. Slik vi ser det er det eit behov for eit slik kontorlokalekonsept hjå delar av næringslivet, og fleire aktørar har vist interesse for ei tilsvarande løysing som den Peak har realisert i Førde og Florø.

Status no
Høyanger Næringsutvikling jobbar saman med Peak med å kartlegge aktuelle bygg til prosjektet.

Forretningsideen er ei næringsklynge der store og små bedrifter kan dele felleskostnadar, men også tankar og idear. Vi ser verdien av å få samla næringslivet og skape eit miljø for utvikling og vekst. Å knytte slike nettverk lokalt og regionalt (mellom dei ulike avdelingane) vil potensielt kunne gje mange positive synergiar for lokalt næringsliv, og potensielt skape nye arbeidsplassar.

Eit slikt samla næringsmiljø kan også skape ein positiv effekt på rekrutteringsarbeidet for deltakarbedriftene grunna meir attraktive arbeidsplassar, samt gjere det lettare å starte opp mindre kompetanseverksemder i ein digital tidsalder.