Masterplanen skal innehalde mål, strategiar og tiltaksområde for reiselivet i Sogn, i tillegg til at Sogn skal merkast som berekraftig reisemål ut frå Innovasjon Norge sin merkeordning. Forprosjektet vart gjennomført i 2017 – 2018 med mellom anna statusrapport frå Menon Economics og strategiworkshop med InFuture i tillegg til møter og intervju med næringa.
Hovudprosjektet med ferdig plan skal ferdigstillast våren 2021 med tilslutting frå kommunanen og næringa. Det vert lagt opp til høyringsrunde hausten 2020. Prosjektet er støtta av Innovasjon Norge og Sogn regionråd.
Styret i Visit Sognefjord er styringsgruppe for prosjektet utvida med Nærøyfjorden Verdsarvpark, Innovasjon Norge og Sogn regionråd, og i prosjektleiinga sit Joakim Systaddal, Helene Maristuen og Ståle Brandshaug.