K1 Høyanger- Bevaring og reisemålsutvikling
Overordna målsetting
Bevaring og utvikle kraftanlegg kring K1 til ein spektakulær attraksjon som gir verdiskaping kring næringsutvikling og stadutvikling.
Bakgrunn
Høyanger kommune oppmoda i februar 2015 Riksantikvaren om å vurdere kraftanlegga i Høyanger for freding. Bakgrunnen var at Statkraft hadde varsla at dei vil fjerne deler av anlegget knytt til Kraftstasjon 1. I samband med oppmodinga om fredingsvedtak sende Høyanger kommune førespurnad om uttale til Sogn og Fjordane Fylkeskommune, og fekk følgjande tilbakemelding; «På bakgrunn av vår vurdering av industrianlegga i Høyanger som verdifulle kulturminne for Sogn og Fjordane fylke, vil Sogn og Fjordane fylkeskommune støtte Høyanger kommune sitt ynskje om at kraftanlegga vert vurdert for freding». Uttalen vart lagt ved oppmodinga om fredingsvedtak sendt til Riksantikvaren.
Den 8. september 2015 gjennomførte Riksantikvaren synfaring av K1 og ei delvis synfaring av K2. Det vart ikkje tid til å gjennomføre synfaring av K3. Den 27. november 2015 skriv Riksantikvaren til Høyanger kommune at han vurderer «kraftanleggene i Høyanger til primært å være kulturminner med lokal og regional verdi». Konklusjonen til Riksantikvaren var inga freding av kraftanlegga i Høyanger.
Riksantikvaren ser det som ønskeleg at anlegga, eller deler av anlegga vert bevart, og oppmodar Statkraft, kommune og andre aktørar til i fellesskap å finne løysingar som tek i vare anlegga eller deler av anlegga.
Industriminna utgjer ein eineståande moglegheit for å gjennomføre verdiskapingsarbeid innanfor kulturminneområdet. Ved å utvikle K1 til ei spektakulær oppleving kan ei få til eit unikt prosjekt der ein bevarer sentrale kulturminne, samstundes som ein satsar på næringsutvikling, reiseliv og stadutvikling.
Som eit av få industrisamfunn i landet med lange tradisjonar, har Høyanger sterkt fokus på å bevare industriminne. Desse har forma samfunnet i over 100 år, og er viktige identitetsskaparar. I arbeidet med å ta i vare industriminna ønskjer vi å nytte dei på nye måtar, utvikle dei vidare og ta dei med inn i ei ny tid.
I forprosjektet vil ein få fram potensiale og moglegheit til å utvikle kraftanlegga som kulturminne som også har ein funksjon i framtida. Industrihistoria i Noreg vert spegla att i Høyangersamfunnet, og i området kring K1 kan ein bevege seg tett på historia samtidig som ein er midt i kjerna av ny teknologi og det grøne skiftet i eit levande industrisamfunn.
I arbeid med prosjektet var det kultursjef som den første tida leia prosjektet. I 2017 fekk kommunen inn fire partar til å medverke og vere partar i forprosjektet. Høyanger kommune, Statkraft, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og HNU gjekk inn med 250.000 kr kvar i prosjektet. Styringsgruppa har ein kapitalbase på 1,0 mill til arbeidet med forprosjektet.
Status no
Arbeidsgruppa jobbar med ein stegvis modell for gjennomføring av første fase av prosjektet. Ein ser no for seg prosjektet i fleire fasar der bevaring (kulturminne, Høyangeridentitet, lokal attraksjon og folkehelse) er første steg, så utvikling (legge til attraksjonar og organisere bruk utover lokal bruk) og eventuelt bygge opp ein nasjonal turistattraksjon.
Arbeidsgruppa jobbar med å kartlegge grunnleggjande avklaringar, og identifisere og kontakte andre referanseprosjekt.
Vi skal no i kontakt med aktuelle interessentar og vurdere ulike måtar å organisere eigarskap, drift og utvikling.
Tidleg haust vil arbeidsgruppa kome med ei anbefaling for vidare satsing og iverksetje første fase (organisere eigarskap og drift, samt iverksetje bevaring).
Prosjektet har i dag følgjande organisering.
Styringsgruppe:
Petter Sortland (HK), Tom Ingar Hauståker (statkraft), Terje Søreide (HNU), Anne Lilleaasen (Fylkeskommunen)
Prosjektleiar:
Birgitta Hagen Kyrkjebø
Arbeidsgruppe:
Birgitta Hagen Kyrkjebø, Synne Vefring, Asle Verøy, Anita Nordheim, Bjarte Smelvær Kyrkjebø / Aksel Svarstad