Høyanger Næringsutvikling (HNU) vart etablert i 1988 og er Høyanger kommune sitt nærings- og tiltaksapparat.
HNU får driftsmidlane sine gjennom direkte overføring frå kommunen. I tillegg har selskapet tilgang til statlege midlar som kan inngå i meir konkrete prosjekt. Formålet med HNU er å fremje utvikling av allsidig og lønsam næringsverksemd, yte fagleg rådgjeving til eksisterande og potensielle verksemder, arbeide med kompetanseheving for næringslivet, og yte tilskot.
Vedtekter
HNU skal drive aktiv næringsutvikling i Høyanger kommune. Vedtektene gir følgjande føringar for HNU:
- HNU skal ta aktiv del i det næringsretta kommuneplanarbeidet, og i samarbeid med kommunen utforme strategiar for ei aktiv næringsutvikling i kommunen.
- Yte etablerarstønad og tilby rådgjevning ovenfor nyetablerarar og eksisterande verksemder.
- Vere kontaktskapande organ mellom næringsliv og kommunale, fylkeskommunale og statlege styremakter.
- Ta aktiv del i samarbeid med andre tiltaksorgan i og utanfor kommunen.
- I samarbeid med kommunen fremje næringspolitiske saker ovanfor andre instanser.
Styret i HNU
Styret i HNU består av representantar frå næringslivet og medlemmer av kommunestyret.
Hroar Holm Carlsen
Styreleiar
Verksdirektør Elkem Bjølvefossen og kommunestyremedlem for Høgre.
Kristin Sagerøy Råsberg
Nestleiar
Rektor ved Høyanger vidaregåande skule og kommunestyremedlem for Arbeidarpartiet.
Bente Iren Nesse
Styremedlem
Pensjonist med tidlegare jobberfaring som rådmann og gjennom leiarstillingar i privat sektor.
Geir Helge Østerbø
Styremedlem
Røktar i Osland Havbruk, varaordførar og kommunestyremedlem for Senterpartiet.
Ann Synnøve Øygård
Styremedlem
Fabrikksjef på Hydro Høyanger.
Agnethe Smelvær
Styremedlem
Dagleg leiar i Borks Feriehus.
Thomas Dyrrdal
Styremedlem
Del av leiargruppa i familieverksemda Ortnevik Tre.
Åge Nesse
Vara
Avdelingsleiar Bilfinger Høyanger.
Ståle Walsvik
Vara
Ståle Walsvik er avdelingsleiar yrkesfag ved Høyanger vidaregåande skule