HNU ønskjer å gjenta suksessen frå i fjor, og inviterer no til ein ny runde med styrekurs!
Styrekurset i regi av HNU passar for alle, både dei med og dei utan tidlegare styreerfaring. Kurshaldar er direktør og siviløkonom Harald Husabø frå BDO. Husabø har brei erfaring frå styrearbeid både i selskap med utfordringar, og i selskap med eit velsmurt styremaskineri. Ut frå den rikhaldige bakgrunnen fortel Husabø om alt frå faresignal og fallgruver, til kva som skal til for å oppnå suksessfullt styrearbeid. Det blir også rom for refleksjonar og diskusjonar i gruppa når relevante problemstillingar og erfaringar dukkar opp.
Styrekurset gir nyttig kunnskap til alle som er involvert i næringsaktivitet, eller som ønskjer å bidra aktivt i styrearbeid!
Kurset går over to dagar frå lunch til lunch. Når kurset blir avslutta legg vi opp til litt triveleg sosialt samvær utover kvelden. Prisen er kr 1800. Meir info finn du i dette dokumentet: StyrekursBDO2017.pdf
Kurset vil bli arrangert når minst åtte personer har meldt si interesse. Har du lyst til å bli med på styrekurs? Nytt kontaktskjemaet under, så kjem vil tilbake til deg med meir informasjon når vi har fått tilstrekkeleg med henvendingar. Har du spørsmål, kontakt næringssjef Terje Søreide på terje@hnu.no / 951 98 451.