Rask Oppstart Høyanger

Har du ambisjonar om å utvikle eit nytt produkt eller ei ny teneste for eit nasjonalt eller internasjonalt marked?

Då er Kunnskapsparken Vestland sitt program for RASK OPPSTART noko for deg, og har åpna påmelding! Dette er ein unik mogelegheit for deg som har ein idé eller treng hjelp med vidare vekst av startup i tidleg fase. Vi vil møtast til 4 samlingar, med mogelegheit for oppfølging og rådgjeving frå våre forretningsutviklarar etter kvar samling. Gjennom samlinane vil vi gå strategisk igjennom korleis du raskt og smidig kan realisere ideen din. Du vil òg møte andre gründere for erfaringsutveksling og nettverk.

Kven passar RASK OPPSTART for?
Programmet er gratis og passer for gründere og oppstartsbedrifter i tidleg fase som vil utvikle noko nytt (produkt, tjeneste eller produksjonsprosess) og som har ambisjonar om å vekse. Det er basert på Disipliened Entrepreneurship-metodikken og er ein systematisk tilnærming for å lukkast. Programmet gir ein raskare og tryggare veg frå idé til kommersialisering, og inneheld;

• 4 Fysiske samlingar – første samling 4. desember
• Malar og verktøy
• Tilgang til nettverk
• Tilgang til Hotdesk (etter nærmare avtale)
• Tilgang til møteromsfasilitetar
• Juridisk veiledning
• Lunsj og forfriskningar på samlingane
• Oppfølging og veiledning med forretningsutviklar mellom og etter samlingane

Programmet er finansiert av Vestland Fylkeskommune og SIVA, og er kostnadsfritt for idehavar/grunder.

Kontakt gjerne Hilde Grinde, Stig Ove Rygg eller Sigrid Førde i Kunnskapsparken Vestland om du har spørsmål, eller lurer på om dette kan være noko for deg eller din idè. Du kan finne kontaktinformasjon her.