Vil du arbeide i ei svært spennande stilling innan kompetanse?
Høyanger Næringsutvikling ser etter ein person som kan fasilitere og koordinere arbeidslivet sine behov for kompetanse.
Stillingstittel: Fasilitator for kompetanseutvikling
Søknadsfrist: 9. oktober
Fasilitatoren får arbeidsstad i Høyanger og blir ein del av Studiesenter Kysten. Studiesenter Kysten er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger.
Hovudformålet til studiesenteret er å initiere, koordinere og administrere høgare utdanning og kompetanseaktivitetar for innbyggjarane i desse kommunane.
Desentral fleksibel utdanning er ei stor nasjonal satsing. Behovet for kompetanse, særleg i distrikta, er stort. Ifølgje NHO vil det mangle 90000 fagarbeidarar i 2030.
I den utlyste stillinga, fasilitator for kompetanseutvikling, søker vi etter ein person som kan arbeide for å nå hovudformålet ved å samarbeide med lokalt arbeidsliv. Fasilitatoren inngår i eit team med fire andre fasilitatorar frå dei andre kommunane og ein prosjektleiar. Den som blir tilsett som fasilitator får ei svært spennande stilling som gir høve til personleg og fagleg utvikling.
Til stillinga som fasilitator søker vi ein person som kan gjennomføre følgjande oppgåver og har følgjande eigenskapar:
Arbeidsoppgåver som skal gjennomførast i kvar kommune:
• Initiere, koordinere og administrere ordinære og fleksible utdanningar
• Arbeide med kompetanseaktivitetar
• Arbeide med å utplassere studentar i arbeidslivet
• Skape studentmiljø i samband med utdanningshuben
• Skape kontakt med lokalt arbeidsliv
• Organisere aktivitetane i utdanningshubane
Kvalifikasjonar:
• Relevant utdanning på universitet- eller høgskolenivå.
• Erfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for manglande utdanning
• God kommunikasjons- og relasjonskompetanse
• Målretta og sjølvstendig
• Stor fordel at søkjar kjenner til/har relasjon til det lokale arbeidslivet i Høyanger kommunane
Personleg eigenskapar:
• Evne til å engasjere og bli engasjert
• Tar sjølvstendige initiativ
• Er oppsøkande og omgjengeleg
• Er kreativ og nysgjerrig
Vi tilbyr:
• Prosjektstilling med moglegheit for fast stilling i Studiesenter Kysten. Delstilling og innleige kan vere aktuelt
• Stor kontaktflate mot næringsliv, offentlege styresmakter og andre
• Innovativt miljø
• Engasjerte og kompetente kollegar
• Konkurransedyktige lønnsvilkår
• Opplæring
Spørsmål vedkommande stillinga rettast til prosjektleiar eller leier i HNU:
Prosjektleiar Reidar Grønli, tlf. 40241494
Leiar HNU Ingrid Heggø, tlf. 97085321
Søknad sendast til Høyanger Næringsutvikling: ingrid@hnu.no