Å starte ei bedrift kan vere krevjande, men og spennande, givande og lærerikt. Vi kan ikkje nødvendigvis svare på alle spørsmål du måtte ha i ein etablerarfase, men vi kan kanskje hjelpe deg med å finne løysingar og ein veg vidare.

Finst det ein marknad for produktet/tenesta til bedrifta di? Kva selskapsform bør du velje? Finst det nokon du kan samarbeide med? Held forretningsidéen din mål? Det er mykje ein kan lure på når ein skal etablere ei bedrift, og det finst mange gode kjelder på nettet som kanskje alt har svar på dine spørsmål. Nokre av desse kjeldene har vi samla i oversikten under.

Vi er her viss du ønsker nokon å diskutere med eller treng anna hjelp for eksempel med å finpusse forretningsplanen din. Ta kontakt på ingrid@hnu.no eller birgitta@hnu.no.

Støtte

HNU kan tildele etablererstøtte. Tildelingane er meint å vere eit motivasjonstilskot, og ikkje ei primær finansieringskjelde for etableringa.

Kriterier for etablerarstøtte:

  • Etableringa må skje i Høyanger kommune.
  • Tilskot kan berre nyttast til investeringar eller prosjektutvikling, og ikkje til aksjekapital eller generell driftskapital.
  • Forretningsplan inklusiv økonomiplan med investerings- og driftsbudsjett må leggast fram.
  • Personlege eigenskapar som bla gjennomføringsevne og «egnethet» vert vurdert.

Det er ingen spesielle formelle krav til sjølve søknaden. Skriv berre ein enkel e-post til ingrid@hnu.no eller birgitta@hnu.no, eller ta kontakt på anna måte, så vert vi samde om kva meir dokumentasjon vi i tilfelle treng. HNU tek imot og handsamar søknadar fortløpande, og tildelingane vil bli offentleggjort på hnu.no.

Nyttige lenkjer:

Altinn – Starte og drive bedrift – Altinn gir ein grundig gjennomgang av kva du bør tenkjer over når du ønskjer å etablere ei bedrift, korleis du gjennomførar oppstart i praksis, og kva som er viktig å vere klar over når selskapet er i drift.

Brønnøysundregistrene – Bedrift – Brønnøysundregistrene gir ei innføring i kva dokument som må fyllast ut og sendast inn når ei bedrift blir etablert og er i drift.

Skatteetaten – Starte bedrift – Skatteetaten gir og ei innføring i kva som er viktig når ein skal starte ei bedrift.

Innovasjon Norge – Gründer – Innovasjon Norge tilbyr mellom anna hjelpemiddel og verktøy på sine nettsider som kan vere nyttige i ein etablererfase.

Kunnskapsparken – Kunnskapsparken hjelper gründerar og bedrifter med gode forretningsidear, men som treng hjelp til å lukkast. Kunnskapsparken er del av det nasjonale inkubatorprogrammet til SIVA og er deleigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Driftig – Driftig er ein nettportal for gründerar, ideskaparar og entreprenørar som formidlar relevant informasjon til dei som ønskjer å starte eller vidareutvikle næring i Sogn og Fjordane.

Rådgjevning

HNU skal vere ein støttespelar for næringslivet, og ein medspelar å diskutere med. Vi har teieplikt og alle førespurnader vert handsama konfidensielt.

Nokre eksempel på kva HNU kan hjelpe med:

  • Rådgjeving om idéutvikling og etablering.
  • Hjelp med å finne kontorplass, eigna industri- og næringsareal/næringslokale, osv.
  • Komme med innspel til aktuelle støtteordningar, investorar, samarbeidspartnarar, osv.

Nettverk

HNU har eit stort nettverk og kjennskap til kva som skjer i næringslivet i kommunen, fylket og nasjonalt. Vårt nettverk kan bli eit verktøy for deg i ein oppstartsfase!

Vi kan sette deg i kontakt med fagkompetanse innan alt frå forretningsutvikling til finansiering. Ta kontakt, så finn vi ut av dine behov, og kven du kan ha nytte av å kontakte på vegen vidare.