MICE 365 er eit bedriftsnettverk finansiert av Innovasjon Norge med 12 av hotella i Sogn for utvikling og marknadsføring/sal av MICE/bedriftsmarknadene i Sogn i perioden 2019 – 2021. Det er stor interesse for Sogn som reisemål for møter, arrangement og incentiveturar, samstundes som det er ei langsiktig satsing for å konvertere interessa til konkrete bestillingar og marknadsutvikling.
AmazingFjords er prosjektleiar på oppdrag frå Visit Sognefjord og deltakarbedriftene.