Bedriftsbesøk

Trivselskaféen

Fakta

Bedrift:

Kaffebaren i Sæbøgården

Oppstartsår:

1982

Bransje:

Kafé

Både praten og latteren sit laust i 2. etasje i Sæbøegården.

I februar neste år er det 40 år sidan Sæbøegården slik vi kjenner bygget i dag stod ferdig, og kaféen i 2. etasje har vore ein del av handelshuset heilt sidan starten. Kor mange tusen koppar kaffi som har gått over disken sidan 1982 veit vel ingen, men at kaféen har blitt ein institusjon i Høyanger er det ingen tvil om. Eigar Åse Christin Sæbøe og kafévert Lynn-Malin Fossheim fortel om lojale – og svært trivelege – gjestar.

– Plasseringa vår gjer til at folk kan sitte og følgje med på folkelivet i sentrum, noko mange set pris på. I glasbalkongen vår kan ein sjå på alt som skjer ute, medan ein i sitteområdet ved trappa opp til kaféen kan følgje med på aktiviteten i dei andre butikkane i etasjen. I dag er gjestane våre på kvardagar gjerne vaksne som tar seg ein kaffikopp og eit kakestykke, medan vi ofte har mange familiar innnom i helgene. Det er nok fleire av dei som tek med seg ungane sine på kafé hos oss på laurdagar som sjølv var her som born med sine foreldre. Det er ein tradisjon som har gått i arv, og slike ting synst vi sjølvsagt er veldig kjekt.

Kaféen har halde på «konseptet» sitt i alle år, men sjølvsagt gjort endringar i takt med tida. Med ei noko begrensa kjøkenavdeling satsar kaféen i hovudsak på ferdig påsmurte bakevarer og kaker, og med Lynn-Malin Fossheim bak disken det siste halve året har det ikkje mangla på gode smakar. Ho har 13 års erfaring frå hotellbransjen bak seg, men er og ein ivrig kakebakar, noko gjestane i kaféen i Sæbøegården nyt godt av.

– Vi har funne vår «greie» og trivst som kaffebar. No er vi der vi ønskjer å vere med tanke på utval og tilbod, og vi har mange sjølvlaga kaker, noko vi får mange positive tilbakemeldingar på. Vi brukar Instagram og Facebook aktivt til å halde folk oppdaterte på kva som til ei kvar tid er å finne i diskane våre, så det er berre å følgje med der om ein ønskjer å vite kva som er på menyen.

Drøymer om lounge

Sjølv om grunnkonseptet har halde seg stabilt heilt sidan starten har kaféen i Sæbøegården sjølvsagt oppgradert og oppdatert seg fortløpande. Med små marginar i drifta er strategien å ta ting litt etter litt, og no drøymer Åse og Lynn-Malin om å gjere eit par grep i kasseområdet til kaféen.

– Vi har planar om å byte ut serveringsdiskane, og på sikt kanskje få laga til eit loungeområde i denne delen av kaféen med sofagrupper framfor bord og stolar. Det hadde vore kjempemoro å få til, men vil og medføre ganske store kostnadar, så vi har ikkje bestemt oss enno for om dette er noko som vil kunne la seg gjennomføre. Ei slik oppgradering vil og kunne skape enno eit unikt område i kaféen vår. Då kan dei som vil følgje med på folkelivet ute sette seg i glasbalkongen, dei som vil vere tett på mylderet i etasjen elles sette seg i området ved trappa, medan dei som vil slappe av i loungen kan sette seg i ein sofa der.

Med nye folk på laget og ei framtidsretta innstilling er kaféen i Sæbøegården ei spanande bedrift å følgje med på innan handel og servering i Høyanger. Åse kan fortelje om både opp- og nedturar gjennom dei siste fire tiåra, og at dei tidvis har måtte vurdere om det økonomiske grunnlaget har vore tilstade for å fortsette drifta av kaféen. I dag er den ein sentral del av heilskapen i det tradisjonsrike handelshuset.

– Det er fort gjort for folk som er i sentrum å berre nett stikke innom for å sjå om dei ser nokon kjente, og vi har nok ein del gjestar som ikkje eigentleg hadde planar om å gå på kafé, men som endar opp med ein kaffikopp i handa likevel. I helga som var med julegateopninga hadde vi veldig mange innom, og vi merkar det godt på besøkstala våre når det er arrangement eller aktivitetar i sentrum. Vi merkar og at mange som er innom kaféen og tar turen innom bokhandelen eller klesbutikken vår, eller motsett. Så den miksen vi har av tilbod i 2. etasje virkar til å fungere godt saman, og blir både brukt og sett pris på av kundane våre.

Bokhandelen, leike- og interiørbutikken, der ein mellom anna kan finne Aud Therese Rand Jonsson (t.v), og klesbutikken Kleopatra, der ein gjerne finn Åse Christin Sæbøe (t.h) sjølv, er og ein del av 2. etasje i Sæbøegården. Mange som tek turen besøkjer både kaféen og butikkane når dei først er innom.