Bedriftsbesøk

Toppscore for Nesheim Camping

Fakta

Bedrift:

Nesheim Camping

Oppstartsår:

1970

Tilsette:

Ekteparet Jon og Lene deler på å drifte campingplassen, med litt innleigd hjelp

Bransje:

Hytteutleige og camping

Campingplassen i Bjordal har eit snitt på 9 av 10 på booking.com, og får med det merkelappen «fantastisk» av bookingsida med over 28 millionar oppføringar. Bak dei overveldande positive tilbakemeldingane ligg det hardt arbeid over lang tid, og mykje stoltheit knytt til å halde ting på stell.

Å drive campingplass er ikkje nokon ni-til-fire-jobb i følgje campingplasseigar Jon Nesheim. I alle fall ikkje om ein ønskjer nøgde gjestar.

– Vi er opptekne av å ha gode fasilitetar, og har årleg investert i campingplassen med små og store forbetringar og utbyggingsprosjekt sidan vi tok over etter foreldra mine i 1997. Det at vi har eit produkt på eit godt nivå er ein føresetnad for at gjestane skal bli nøgde med opphaldet sitt, og så prøver vi å skape ekstra gode opplevingar ved å vere eit godt vertskap som ser og gjer vårt ytterste til å tilfredsstille behova og ønskjene som dei som besøkjer oss måtte ha.

Og med 9,6 av 10 moglege poeng i kategorien personale på booking.com er det ingen tvil om at gjestane til Nesheim Camping set stor pris på måten Jon og Lene tek vare på dei.

Booking.com er full av skryt for Nesheim Camping. Gode tilbakemeldingar der gjer til at fleire bestiller opphald på campingplassen.

Held ting på stell

Infrastruktur er viktig, også for campingplassar. Nyleg kom det tømmestasjon for bubilar på plass hos Nesheim Camping, og no jobbar dei med å utbetre vasstilføringa. Ladarar for elbilar er og på veg dei komande vekene.

– Vi passar på at vi har dei tilboda gjestane våre etterspør, og at alt virkar som det skal. For eit par år sidan fekk vi til dømes tilbakemeldingar på at internettet vårt var litt dårleg, men det er sånt som heldigvis lett lar seg ordne, så det er no oppgradert, og dei lunke tilbakemeldingane vi fekk er no snudd til ros for god nett-tilgang.

Eit kraftigare nettoppsett er ei relativt lita investering som gav ein umiddelbar effekt på gjestane sine opplevingar av opphaldet. Andre oppgraderingar krev større investeringar.

– Den største investeringar vi har gjort, sett vekk frå sjølve hyttene, er nok i båtparken vår. Vi har sikkert brukt rundt ein million på båtar, og omlag halvparten av gjestane våre kjem hit nettopp for å fiske. Det gjeld særleg tyskarane, og der har vi ein konkurransefordel ved å vere ei registrert turistfiskebedrift. Det betyr at våre gjestar kan ta med seg inntil 18kg filitert fisk heim igjen, noko som er ein føresetnad for ein god del av våre gjestar at vi har.

Men det å kunne tilby fiske til sine gjestar er på mange måtar eit tviegga sverd for Nesheim Camping.

– Det er klart at når vi får gjestar som kjem hit for å fiske, og dei ikkje får fisk, så kan stemninga bli litt laber. Det er betydeleg mindre fisk i fjorden no enn det var før, så sannsynet for at fiskarane våre kjem tomhendte tilbake frå ein tur har blitt høgare dei seinare åra. Det er derfor litt risikabelt for oss å fronte oss sjølv som ein fiskedestinasjon, sidan realitetane tidvis kan ha vanskar med å levere opp til forventningane på det området.

Båtutleige er ei viktig tilleggsinntekt for Nesheim Camping. Men det minkar med fisk i fjorden, noko som er ei utfordring for campingplassen.

Ei litt skjult perle

Det å ligge litt utanfor allfarvei og dei store turistmagnetane i Sogn, er både ein fordel og ei ulempe for Nesheim Camping.

– Den største forskjellen er vel at vi er vår eigen destinasjon, og ikkje ein campingplass folk overnattar på fordi dei skal besøke noko anna i nærområdet. Folk som kjem hit skal hit. Det stiller nok større krav til oss for at vi skal lukkast med å innfri forventningar, og det gjer det enno viktigare for oss å spele på dei tinga vi er gode på.

Nesheim Camping scorar og godt på plasseringa si, med 9,4 av 10 poeng på booking.com. Campingplassen ligg flott til for dei som ønskjer litt fred og ro og nærleik til både fjord og fjell, og den har og ei hendig plassering opp mot Bergen.

– Ein god del av gjestane våre nyttar oss som ein innfallsport til Sognefjorden og Stølsheimen, og mange som kjem frå eller skal til Bergen tar ein stopp hos oss på vegen. Sånn sett ligg vi ganske strategisk til.

Det er ingen tvil om at Nesheim Camping ligg naturskjønt til rett ved Fuglsetfjorden i Bjordal. Mange gjestar fiskar frå land og i båt under opphalda sine, og campingplassen sin eigen «playa» (badestrand) er også populær.

Hjortejakta utvidar sesongen

Sjølv om majoriteten av gjestane til Nesheim Camping er turistar, er dei ikkje den einaste kundegruppa Jon og Lene har.

– Vi blir og nytta ein del som overnattingsstad for folk som er i området for å jobbe. I 2019 hadde vi veldig mange slike gjestar, noko som kom av stor byggeaktivitet i området på denne tida, men det er arbeidsfolk innom jamt og trutt, og vi trur at det er nyttig for bedriftene i området at det finst eit tilbod som vårt på Høyanger sørside.

Arbeidsfolk er gjestar på campingplassen året rundt, medan turistane gjerne byrjar å komme i mars.

– I påska hadde vi 50 gjestar her, og det byrjar å fylle seg bra opp med bookingar utover våren og sommaren. Det ser ut til å bli ein god sesong, for vi er alt fullbooka for mange av dei mest populære vekene midt på sommaren.

Høgsesongen til Nesheim Camping strekk seg heilt ut i november, noko som er lengre enn for dei fleste campingplassar. Årsaka til det er ein ny marknad som har vekse fram dei seinare åra.

– Det har blitt stadig meir populært å leige ut hjorteløyver i området, så det kjem no ein god del jegarar til området kvart år på hausten som treng ein plass å bu. Denne nye typen gjestar gjer til at vi gjerne har godt belegg på hyttene no til langt etter at dei ordinære ferierande gjestane våre har reist heim.

Heilårsturisme har vore eit stadig aukande fokus i reiselivsnæringa i seinare tid, men Jon og Lene har ikkje nokon store planar om å satse på vinterturismen.

– Vi er opne heile året, men vestlandsværet er som det er, og det kan vere noko stusseleg å sitte i ei hytte i konstant uvær dag ut og dag inn vinterstid, så vi er litt tilbakehaldne med å marknadsføre oss som ein heilårsdestinasjon. Det er heller ikkje til å legge skjul på at det å drive ein campingplass er ganske intensivt arbeid, så det er godt for oss å ha eit par rolege månadar utanfor sesongen som vi kan bruke på å reise litt sjølv og lade batteria før det brakar laus igjen på vårparten. Det må også vere tid til oppgraderingar og vedlikehald innvendig av hyttene, og dette høver det godt å drive med i vintermånadane.

Nesheim Camping er og har alltid vore ei familiebedrift. Jon og kona Lene deler på alle aspekt av drifta, frå booking og administrasjon til reingjering av hytter og oppfølging av gjestar.