HNU er Høyanger kommune sitt nærings- og tiltaksapparat. Selskapet er eit bindeledd mellom næringsliv og det offentlege, og arbeider både breitt og tett opp mot eksisterande verksemder og etablerarar.
Høyanger Næringsutvikling AS (HNU) søkjer næringskonsulent i 100% fast stilling.
Om stillinga
HNU søkjer etter ein næringskonsulent som skal bidra til å styrke og skape meir lokal næringsutvikling og verdiskaping. Vedkomande vil vere i tett kontakt med verksemder og offentleg forvaltning, og få ansvar for konkrete prosjekt som HNU er involvert i.
Hovudarbeidsoppgåver
– Sakshandsaming av næringssaker
– Deltaking og medverknad i prosjekt- og prosessoppgåver
– Rettleiing og oppfølging av verksemder
– Andre oppgåver etter nærare avtale
Eigenskapar vi er på jakt etter
– Du er endringsorientert og med evne til å sjå dei store linjene
– Du er løysingsorientert og strukturert
– Du har høg gjennomføringsevne gjennom engasjement og pågangsmot
– Du er temaorientert, ein lagspelar og har jobba med tilsvarande oppgåver
innan næringsutvikling.
– Du har gode skriftlige og munnlege framstillingsevner på norsk og engelsk.
Kompetansekrav
Høgare utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring frå samfunns- og næringsutvikling kan kompensere for manglande utdanning.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn etter avtale. Tiltreding snarast.
Søknadsfrist: 3. august 2020
Søknad kan sendast på e-post til terje@hnu.no.
Kontakt
Styreleiar Petter Sortland tlf 91164546 eller Næringssjef Terje Søreide tlf 95198451