Christina Kvamme i Xform utarbeidd skisser som skal danne eit utgangspunkt for vidare diskusjon rundt K1 som eit opplevings- og kulturformidlingsanlegg.

«Stiftinga K1 Høyanger» i støypeskeia

Under kommunestyremøtet torsdag skal politikarane i Høyanger stemme over etableringa av ei stifting som kan eige, oppgradere, utvikle og drive trappeanlegget K1 i industribygda.

Framtida til K1-anlegget i Høyanger har vore uviss etter at Statkraft varsla riving etter pålegg frå NVE. Det lokale engasjementet rundt bevaring og framtidig bruk av anlegget har vore stort, og saka har versert i mange år. Høyanger kommune starta eit forprosjekt i 2017 der ein fekk løyva midlar frå Høyanger kommune, Høyanger Næringsutvikling, Statkraft og fylkeskommunen, og prosjektet vart seinare overført til Høyanger Næringsutvikling som starta opp att arbeidet i 2020. Prosjektleiar Birgitta Hagen Kyrkjebø i Høyanger Næringsutvikling er glad for at ei viktig brikke no er i ferd med å falle på plass.

– Om det blir etablert ei stifting for K1-prosjektet vil ein kunne jobbe langt meir konkret med løysingar og målsettingar, så det er veldig gledeleg at vi har kome så langt. Prosjektet er i ferd med å gå frå ein idé- og sonderingsfase til konkret planlegging og gjennomføring.

Stifting best eigna

I mai 2021 fekk HNU utarbeidd ein rapport som vurderte ulike måtar å organisere framtidig eigarskap, drift og utvikling av K1-anlegget. Konklusjonen der vart at ei stifting er den mest realistiske og føremålstenlege organisasjonsforma.

– Ei stifting kan bli meir handlekraftig enn eit aksjeselskap sidan ikkje alle som går inn med kapital treng å vere representert i styret. Stifting som organisasjonsform er også gunstig med tanke på tilskotsmoglegheiter.

Med bakgrunn i vurderingane som har blitt gjort vil derfor kommunedirektøren si tilråding til kommunestyret på torsdag bli at «Stiftinga K1 Høyanger» blir oppretta.

– Det er svært viktig å få på plass ei stifting no slik at ein kan gå i forhandlingar med Statkraft, ha dialog med Kulturavdelinga i Vestland fylkeskommune, søke om midlar, og ikkje minst ha dialog med NVE om konsesjon til å overta anlegget.

Med bakgrunn i arbeidet som har blitt gjort i forprosjektet til K1 har arkitekt Christina Kvamme i Xform utarbeidd skisser som skal danne eit utgangspunkt for vidare diskusjon rundt K1 som eit opplevings- og kulturformidlingsanlegg. Under kommunestyremøtet torsdag vil Kvamme presentere meir av sin visjon. Alle som har interesse for K1-prosjektet kan følgje kommunestyremøtet og presentasjonen direkte på stream.artsys.no.

Neste steg i prosessen blir ifølgje prosjektleiar Kyrkjebø å ha ein gjennomgang med ulike interessentar i prosjektet før skissene blir ferdigstilt. Skissene vil danne eit underlag for det vidare arbeidet til den eventuelle stiftinga.

Gode krefter

Utviklinga til Høyanger tettstad har sidan industristaden vart etablert i mange tilfelle vore eit samarbeid mellom kommunen og aluminiumsverket, og også no går dei to aktørane saman i eit framtidsretta prosjekt. Hydro Høyanger har vore ein viktig og god støttespelar også i dette prosjektet, seier Kyrkjebø.

– Forslaget som no ligg på bordet er at Høyanger Næringsutvikling og Hydro Høyanger går inn med 100 000 kvar i grunnkapital i stiftinga, og med det sikrar finansieringa for ei etablering. Føresetnaden for dette er at Høyanger kommune står som stiftar.

Formannskapet i Høyanger får fullmakt til å peike ut tre styremedlemmar til stiftinga, der ein blir valt som styreleiar. Hydro Høyanger vil peike ut to styremedlemmar.

Synleg medspelar

I saksutgreiinga til kommunedirektøren blir det understreka at kommunen ikkje påtek seg økonomiske kostnader eller eventuelt seinare økonomisk ansvar knytt til anlegget, men at det er viktig at kommunen er ein synleg medspelar til det som er eit viktig prosjekt for å ta vare på og synleggjere industrihistoria i Høyanger.

– Kommunedirektøren meiner at dette prosjektet vil kunne bidra til å auke stoltheit over og tilhøyrsle til Høyanger, og K1-anlegget kan også spele ei rolle i utviklinga av Høyanger som ein attraktiv stad å bu og reise til. Det er ei vurdering vi i HNU og stiller oss bak.