Bedriftsbesøk

Sjølvhjelpen hjørnestein

Fakta

Bedrift:

Nesseplast AS

Oppstartsår:

1957

Tilsette:

42 (30 på Nessane og 12 på Bremnes)

Bransje:

Produksjon av plastprodukt

Kompetente tilsette har skapt gode resultat for Nesseplast gjennom 65 år.

Då Nessane vart innlemma i Høyanger i 2020 fekk kommunen fleire solide bedrifter «med på kjøpet». Ei av desse var Nesseplast AS, som kan skilte med årlege resultat på rundt 10 millionar dei siste åra. Dagleg leiar Erling Nesse svarar kontant på kva som har vore suksessformelen til bedrifta heilt sidan starten.

– Vi har alltid vore ei utkantsbedrift, og har i stor grad måtte klare oss sjølve. Det har vi lukkast med takka vere mange dyktige tilsette som kan mykje, så kostnadskontrollen har vore god, og behovet for å leige inn hjelp lågt. Vi har og vore heldige med marknaden og har fått ta del i veksten som har vore innan fiskeoppdrett i Norge. Med meir fisk ut frå slakteria har behovet for kassar auka, og då har vi stått klare til å levere i takt med etterspurnaden.

Nesseplast har i dag 42 tilsette, og med ein i stor grad automatisert produksjon er det innan administrasjon, sal, logistikk og overoppsyn med maskineriet at dei fleste har arbeidsoppgåvene sine. Hjørnesteinsverksemda er ein kompetansearbeidsplass som går godt, men det finst utfordringar også for dei.

– Koronaen har pressa opp prisane på innsatsfaktorane i produksjonen vår, og stagnasjonen i fiskeoppdrettsnæringa grunna strenge reguleringar gir også utslag på marginane våre. Vi merkar at alt blir vanskelegare både i produksjonen og i marknaden, og vil budsjettere med lågare resultat no framover enn det vi har hatt dei seinare åra.

Erling Nesse har leia Nesseplast med suksess gjennom 40 år, og han gir kompetente tilsette og ein marknad i vekst hovudæra for dei solide resultata. Næringssjef Ingrid Heggø er svært imponert over kva dei har fått til på Nessane, og er glad for at verksemda vart ein del av Høyanger kommune i 2020.

30 år med sirkulærøkonomi

Begrep som sirkulærøkonomi og det grøne skiftet er i vinden for tida, men på Nessane er desse konsepta gamalt nytt. Dei har jobba kontinuerleg med resirkulering og gjennvinning i over 30 år.

– Vi starta med resirkulering av plast gjennom etableringa av Emballasjeforum på byrjinga av 90-talet, og vi var og ein aktiv part i å hjelpe Europa i gang med dette gjennom etableringa av organisasjonen Styref i Tyskland. I Norge gjekk det vi var med på å bygge opp etterkvart inn i ordninga Grønt Punkt. Vi er som del av bransjen med å finansiere denne ordninga, og har vel vore kjent for å vere «best i klassen» på dette området over lang tid.

Nesseplast har eit tett samarbeid med Vartdal Plast i Ørsta på Sunnmøre, som og har hatt eigarinteresser i bedrifta sidan 1987, knytt til gjenvinning.

– Dei opna eit nytt anlegg hausten 2020 som lar oss føre isopor (EPS) tilbake i loopen som nye plastprodukt, og her er det eit stort potensial. No handlar det om å få nok volum i denne gjenvinninga til å gjere den lønsam, så det blir ein prioritet framover.

Eigen avdeling på Bømlo

I 2003 bygde Nesseplast ein ny fabrikk på Bømlo i Sunnhordland som eit tiltak for å lettare mette etterspurnaden etter fiskekassar til den veksande fiskeoppdrettsnæringa i regionen.

– Det er eit stykke frå Sogn til Sunnhordland på dårlege vestlandsvegar, så vi bestemte oss på byrjinga av 2000-talet for å etablere ein eigen avdeling der nede, så avstandane frå fabrikk til kunde vart redusert betrakteleg. Det har vist seg å vere eit smart grep, og denne avdelinga lever i beste velgåande også no 18 år etter etableringa.

Kva framtida vil bringe for Nesseplast er vanskeleg å sei, og vil i stor grad henge saman med politiske reguleringar og svingningar i marknaden knytt til råvareprisar og etterspurnaden etter plastprodukt. Men Nesseplast har lang erfaring med omstilling og effektiv drift, og ser positivt på åra som kjem.

– Vi har eit godt fotfeste i marknaden og leverer kvalitet, og det er noko vi kjem til å fortsette med i all overskodeleg framtid. Akkurat no ser vi mest av alt fram til at koronapandemien skal gå over så vi kan kome tilbake til ein normalsituasjon igjen, og så får tida vise kva nye moglegheiter som måtte dukke opp for oss framover.

125 år med gründerverksemd

Nesseplast har eit lang og rik historie som går heilt tilbake til 1897 då 18 år gamle Erling Nesse starta opp eiga verksemd innan frukthandel. Erling skulle vise seg å vere ein dyktig kremmar, og berre nokre få år etter etablerte han seg på kaia på Nessane med eigen forretning. I 1949 tok sonen Kåre over verksemda, og det viste seg at han og var ein gründer som såg moglegheiter og som satsa på nye marknadar, mellom anna innan landbruksmaskiner, plantevernmiddel, og jernvare. I 1983 hadde selskapet 70 personar i arbeid fordelt på 8 avdelingar over heile landet.

I 1957 starta Kåre Nesse opp Nesseplast med produksjon av garnflottørar i ungdomshuskjellaren på Nessane, og også i denne bedrifta vart det fortløpande prøvd ut og utvikla nye produkt. Eit av desse produkta var fiskekassar, som selskapet patenterte ein eigen variant av i 1966, og er kjent for i dag.

I 1983 gjekk Nessekonsernet konkurs etter store valutatap, men Nessefamilien greide å berge verksemda på Nessane. I kjølvatnet av konkursen starta Kåre Nesse opp Nessemaskin, som i dag er ei anna suksessfull bedrift heimehøyrande på Nessane, medan sonen Erling vart leiar for Nesseplast, som gjenoppstod som aksjeselskap.

Kåre Nesse mottok i 2005 kongens fortenestemedalje i sølv for innsatsen med å skape arbeidsplassar i Norge.

Kjelde: Eit historisk tilbakeblikk – Entreprenørskapsprosjekt ved Nesse oppvekstsenter 2013