Satsar på landbruket

Landbruket er ei viktig næring for Høyanger, men dei seinare åra har talet på gardar i drift i kommunen gått ned her som i resten av landet. Som ei motvekt til denne utviklinga lanserer no HNU og Høyanger kommune nye støtteordningar. Ordningane skal fungere som insentiv til dei som ønskjer å satse på landbruket, og jordbrukssjef Randi Dale og næringssjef Terje Søreide håpar på god effekt. 
 
– Målet er at støtta frå oss kan gjere det enklare for dei som vurderer tunge investeringar å ta eit val, og lande på ei satsing. Landbruket i kommunen treng eit løft, også med tanke på lausdriftskravet som kjem om få år.
 
Høyanger kommune/HNU tilbyr som før tilskot til kjøp av mjølkekvoter, men nytt av året er eit ekstra mjølkekvotetilskot i samband med investeringar godkjent av Innovasjon Norge.
 
– I tillegg til mjølkekvotene gir vi no og støtte til planlegging og prosjektleiing/byggjeleiing knytt til oppføring av driftsbygning, samt refusjon av renteandel på lån til delfinansiering av driftsbygning der Innovasjon Norge deltek.
 
Innovasjon Norge opnar opp for søknadar 1. februar så jordbrukssjef Dale og næringssjef Søreide rådar dei med tankar om ei satsing til å starte på søknadsarbeidet alt no. Dei står sjølve klare til å svare på spørsmål og gje rettleiing, om nokon ønskjer det.
 
– Her i kommunen har vi klart å halde produksjonen i landbruket oppe sjølv om talet på gardsbruk i drift har gått ned, men no treng vi eit framtidsretta investeringsløft. Kanskje desse ordningane og kan vere motivasjonen som trengst for yngre krefter som vurderer å ta over gardsbruk, og byggje si eiga framtid, bokstaveleg talt?

Last ned dokumentet Høyanger kommune – rammevilkår for investeringar i landbruket om du ønskjer meir detaljert informasjon om dei ulike støtteordningane.
 
Har du spørsmål? Kontakt næringssjef Terje Søreide på telefon 57 71 52 70 / 951 98 451 eller e-post terje@hnu.no, eller jordbrukssjef Randi Dale på telefon 57 71 15 32 / 992 19 391 eller e-post randi.dale@hoyanger.kommune.no.