Rom for etablering i Lavik

Margunn Hagen Hjelmeland etablerte frisørsalongen sin «Håret Frisør» midt i Lavik sentrum i år 2000, og sidan den gong har fleire andre verksemder flytta inn i det som har blitt til eit rikhaldig velværehus. Gro-Anita Olsen tilbyr gjennom sin «Salong Livsglad» ymse tenester innan velvære, styling og pleie, og Sigrid Ølstad Czysz er også på plass med sitt «Sigrids Aromaterapi». Pågangen frå kundar i regionen har vore aukande, og no har dei tre verksemdene vakse ut av det sjarmerande kvite trehuset sitt.

– Det er litt upraktisk for dei to som held til i 2. etasje med ei bratt trapp og mangel på eige toalett. Vi har derfor eit ønskje om å utvide heile velværehuset slik at vi kan flytte alle tenestetilboda våre ned på bakkeplan, og tilrettelegge betre for dei som besøker oss. Det trur vi kan gjere oss enno meir attraktive for våre kundar.

Hagen Hjelmeland håper på ei utviding alt i år, men er usikker på når arbeidet kan starte. I framtidsplanane ligg det og tankar litt utanfor «velværeboksen».

– Det hender vi blir kontakta av folk som lurer på om det er mogleg å leige kontorlokale her i Lavik, men det er ei mangelvare i bygda. Vi vurderer derfor å også inkludere ein kontorseksjon i utvidinga, så det er berre å ta kontakt, om nokon skulle ha interesse av det.

Også nabotomta til Velværehuset har potensiale for næringsaktivitet. Den står no tom etter at brakkeriggen som var der knytt til bygging av den nye ferjekaien vart tatt ned. Dette arealet er det Hagen Hjelmeland som eig, og ho ser meir enn gjerne at nokon med ein god idé og behov for plass midt i Lavik sentrum ønskjer å etablere seg der.

– Vi håper det finst nokon der ute som har planar om næringsaktivitet som dei har lyst til å realisere i Lavik. Vi ønskjer hjarteleg velkommen til alle som vil satse i den flotte bygda vår.