Relansering av hnu.no

Nye hnu.no er lansert, men hnu.no er ikkje ei side som er endeleg ferdig. Den skal utviklast vidare basert på dine innspel som brukar.

Hnu.no skal vere ei levande nettside der saker og informasjon om arbeidet i HNU blir publisert. På framsida vil du finne aktuelle saker, og i samband med relanseringa av hnu.no relanserer vi også sida vår på Facebook. Der vil vi også auke publiseringsfrekvensen.

På hnu.no skal både dei med ønskje om å etablere næring i Høyanger, og dei med ønskje om å utvikle næring i kommunen, finne grunnleggjande informasjon om kva HNU kan bidra med. Det er vanskeleg å dekke alle spørsmål på ei nettside, så vi oppfordrar til å ta tidleg kontakt med oss. Då kan vi ta ein prat om ditt konkrete prosjekt.

Når det er sagt ønskjer vi å ha så mykje relevant informasjon for etablerarar og næringsutviklarar som mogleg på desse nettsidene. Om det er noko du saknar set vi stor pris på at du gir beskjed om det ved å sende ein e-post til kontakt@hnu.no.

arkivsida vil vi fortløpande leggje ut relevante dokument. Dette er ei side som vil få meir innhald med tida.

Til sist ønskjer vi å trekke fram idébanken som er eit nytt element på hnu.no. Vi er på jakt etter gode innspel om kva HNU bør prioritere for å skape meir verdiskaping i kommunen. Så har du gode, innovative og spennande idéar må du meir enn gjerne sende dei inn til oss.