Reetablering av Høyanger Næringsforum

– Eg er svært nøgd med at vi no har fått etablert ei arbeidsgruppe som skal jobbe fram forslag til formål, vedtekter og liknande for Høyanger Næringsforum, seier Næringssjef Ingrid Heggø.

Første møte i arbeidsgruppa for reetablering av Høyanger Næringsforum vart halde i Høyanger Næringspark onsdag 29. september. Arbeidsgruppa består av leiar Morten Rørvik, nestleiar Agnethe Smelvær, Helge Dyrrdal og Heidi-Kathrin Osland. Sekretær for gruppa er Ingrid Heggø.

– Dersom det er andre som ønskjer å delta i arbeidsgruppa er det berre å ta kontakt, seier Morten Rørvik. Vi vil framover ha både fysiske møter og møte på Teams, og tek også sikte på å få til ein studietur til andre næringsforum/næringssamskipnadar.

Heggø viser til at dei i det første møtet i arbeidsgruppa diskuterte formålet til arbeidsgruppa og næringsforumet.

– Det vart sett stort fokus på at næringsforumet skal vere ein interesseorganisasjon for næringslivet i heile kommunen. Vi er ein liten kommune, og har alt å tene på samarbeid. Forumet skal samle alle næringsdrivande i kommunen, vere ein møteplass for næringslivet, fremje næringslivet i kommunen vår, og skal støtte tiltak som kan fremje næringslivet sine interesser.

– Arbeidsgruppa var klar på at næringslivet er best tent med ein organisasjon som jobbar for heile kommunen og heile næringslivet i kommunen. Men innan næringsforumet kan det om det er hensiktsmessig opprettast fag- og/eller bransjegrupper, eller arbeidskomitéar for å fremje særskilte saker. Organisasjonen skal vere medlemsbasert og må ivareta både små og store. Eit viktig tema framover vil også bli å framsnakke kvarandre og kommunen vår, og dra lasset i same retning, seier Rørvik og Heggø.

– Arbeidsgruppa tek sikte på å jobbe intensivt framover og vil legge fram forslaga til reetablering på eit medlemsmøte før jul.

For meir info kontakt næringssjef Ingrid Heggø (tlf: 970 85 321)