Opning av utdanningshub

Fagskulen Sogn og Fjordane inviterer saman med Høyanger kommune, HNU og Hjetland Industripark næringslivet i Høyanger til opning av landets første utdanningshub for høgare utdanning i distrikta.

Arrangementet vil finne stad i Høyanger Næringspark (tidlegare Fundo) tysdag 12. oktober kl. 12.30, og det vil vere mogleg å delta fysisk eller digitalt via Teams.

Program:

kl. 12.40 – Opning ved fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylkeskommune, avdelingsdirektør Bård Sandal i Avdeling for Innovasjon og Næring, ordførar Petter Sortland i Høyanger kommune, og rektor Reidar Grønli i Fagskulen i Sogn og Fjordane.

kl. 13.00 – Offisiell opning

Velkommen!