Nyttårshelsing frå næringssjefen

I magasinet Eld – Kraft – Vatn som kom ut før jul var framsida pryda med bilder av mange unge talent med teksten TALENTFABRIKKEN HØYANGER KOMMUNE – 40 magasinsider fylt med unike historie frå ein unik kommune. Mange unge talent var trekt fram, og fleire finns der ute. Det er inspirerande å registrere at «talenta våre» bidreg til god verdiskaping både i og utanfor kommunen. Skal eit samfunn vere velfungerande er det og viktig at det er ulike talent i ulike sjangare innan både kultur og næring – eg føler meg trygg på at vi har eit godt fundament å bygge vidare på i begge desse kategoriane og!

Eg vil i denne samanhengen nytte høve til å understreke at Høyanger Næringsutvikling AS (HNU) skal/kan ikkje etablere arbeidsplassar åleine, men fokuset vårt er å bidra gjennom handlingar/tiltak for å etablere og utvikle verksemder saman med eigarar, leiing og tilsette. Vidare har vi og sterkt fokus på å sørge for at infrastruktur i vidaste forstand skal gi betre rammevilkår får å få meir fart i verdiskapinga i kommunen.

HNU sitt fokusområde framover vil, i tillegg til eit kontinuerleg næringsutviklingsarbeid, vere å prioritere dei ulike tiltaka/prosjekta i handlingsplanen for 2017. Kommunestyret har vedteke ein verdiskapingsplan som legg føringar for dei ulike satsingane i handlingsplanen. Styret i HNU har med bakgrunn i verdiskapingsplanen, og etter innspel frå næringslivet, gjort prioriteringar av prosjekt som framgår av planen. Det gjenstår å få noko avklaring på finansiering av nokre av prosjekta i planen.

2016 har vore eit godt næringsår i kommunen, og det er lagt eit solid grunnlag for vidare verdiskaping. Sjølv om ein skal vere varsam med å nemne konkrete verksemder i ein slik samanheng, vel eg likevel å nemne følgjande;

  • Sogn Aqua AS har oppnådd gode resultat med produksjon av kveite ved pilotanlegget i Slantevika – og har gjennom året starta etablering/oppbygging av verdens største landbaserte kveiteanlegg i Ortnevik.
  • Osland Settefisk AS har opna Sørebøhallen som rommar det siste nye på marknaden for å gi laks/aure den beste starten i livet, slik at dei kan vere i klassen «verdens beste sjømat»!
  • Østerbø Maskin AS har dobla omsetning etter «reetableringa» for ca 2 år sidan, og leverer eit solid resultat.
  • Osland Havbruk AS aukar produksjonen, satsar sterkt på forskning og utvikling og lanserer i desse dagar eit «Bunnsolid» innovasjonsprosjekt. Truleg vert det og eit bunnsolid «bunnresultat» for året.
  • Lavik; Mykje godt arbeid har vore gjort for å etablere eit godt handel-, service- og hotelltilbod i sentrum av Lavik. Ein el-ladestasjon kjem på plass i desse dager. Her kjem heilt sikkert fleire tilbod etter kvart…
  • I Vadheim driv tre ulike verksemder oppdrett med laks/aure, der to av lokalitetane er relatert til forskning.
  • På industriparken i Vadheim er det ca. 20 tilsette knytt til parken direkte gjennom leigetilhøva. I tillegg kjem indirekte verdiskaping i samband med tømmeraktiviteten m.m.
  • Saint Jean Wheels AS har etter ein lang og solid utviklingsfase starta ordinær produksjon av felgar, no i første runde til Chrysler.
  • SafeClean AS har som underleverandør til oljeindustrien vore gjennom ein krevjande omstillingsfase etter fallet i oljeprisen, og framstår no godt tilpassa det forventa marknadsbildet.
  • Hydro Høyanger leverer solid drift og har vedteke investeringar med mål om å auke verdiskapinga framover.
  • Nyrstar Høyanger har investert store beløp for å sikre stabil og lønsam drift. Resirkulering av avfall i dei fleste kategoriar vil truleg verte ein av dei største vekstnæringane framover… Spennande!

Kva så med 2017?

Når det er lagt eit så godt grunnlag i 2016 for vidare verdiskaping i næringslivet, vil ein fort kunne tru at det berre er å «surfe seg gjennom» 2017. Det er heilt sikker mange små og store «tuer» der framme i 2017 som vi ikkje kjenner eller ser enno, men som vi må jobbe oss rundt eller over på ein mest mogeleg verdiskapande måte. La meg nytte høvet til å drøse litt overordna knytt til kva potensial som kan ligge i dei ulike bransjane våre i det kommande året;

  • Eg har tru på at aluminiumsprisane vil gi rom for auka marginar…
  • Lakse- og aureprisane vil mest truleg ligge over 2016 nivået…
  • Oljeprisen vil i 2017 truleg ligge i sjiktet 60 – 70 USD på snitt for året, noko som vil gjere til at vedlikehald og investeringstakten vil kunne «normalisere seg» mot slutten av året.
  • Reiselivsnæringa vil nå nye høgder i det kommande året for landet. Samla sett er ikkje Høyanger store innan reiseliv, men vi har eit stort potensiale for å kunne utvikle denne næringa vidare. Vi har dyktige aktørar, vi har attraksjonar som kan utviklast, vi har nettverk rundt oss som vil bidra. Så dersom vi legg stein på stein er eg sikker på at vi vil kunne skape meirverdiar her og. Dette skal vi få til!
  • På styremøtet i HNU i desember vart det gjort vedtak om å betre rammevilkåra for deler av satsingane i landbruket. Vi håper at dette, i kombinasjon med rammevilkåra elles, vil kunne bidra til auka satsingar i denne næringa og.
  • Hydrogen, alger, skog og silisium er nye næringar som vi vil jobbe vidar med i det kommande året. Vårt fokus vil her vere å avsjekke kva posisjon vi skal/bør ta inn mot dei aktuelle prosjekta, men ikkje minst og om det er investormiljø som vil vere med på utviklinga. For det er heilt avgjerande!

I tråd med prosjekta i handlingsplanen som du finn som dokument på hnu.no vil vi fokusere på å bidra med kompetansefremjande tiltak der vi ynskjer ei kartlegging av m.a. følgjande;

  • Kva kompetansebehov er det i organisasjonen, leiing og i styret?
  • Kva mål har eigarane/leiinga for bedrifta dei kommande 3 – 5 åra, og kva er mest kritisk for å komme dit?
  • Kva treng/ynskjer den enkelte bedrift av bistand frå HNU, IN og/eller andre?

Elles meiner eg at kjemien må stemme om ein skal skape og utvikle verdiar. God kjemi mellom eigarane er såleis heilt sentralt, og HNU vil i det kommande året og sette fokus på styrekompetanse. Vi vil tilby lokale styrekurs, og det er berre å gje tilbakemelding alt no om at ei deltaking på eit slikt kurs er av interesse. Vi arrangerar når vi har ca 10 deltakarar på plass.

Basert på aktiviteten vi no ser vil komme framover har HNU vedteke å styrkje organisasjonen, og vi startar såleis no jakta på ein næringskonsulent i heil stilling i engasjement over tre år. Oppgåvene vil i hovudsak bestå av fortløpande utviklingsarbeid. Ei svært spennande stilling!!

Vi er optimistar for 2017!

Godt nytt år!