Næringssjef – vikariat 3 år
Høyanger Næringsutvikling AS (HNU) søkjer etter næringssjef i heil stilling. Med bakgrunn i at ordføraren i Høyanger kommune for tida har permisjon frå stillinga vil vedkomande bli tilsett i eit 3-årig vikariat fram til kommunevalet i 2023.
Om stillinga
Næringssjefen har i overordna oppgåve å legge til rette for styrking og utvikling av meir lokal næringsut-vikling og verdiskaping i Høyanger kommune. Dette er ei oppgåve som tek mange former, og som krev eit breitt spekter av tilnærmingsmetodar. Næringssjefen har tett kontakt både med lokalt næringsliv og of-fentleg forvaltning, og vil ha det overordna ansvaret for all aktivitet og alle prosjekt som HNU er involvert i.
I rolla som næringssjef må du ha evne til å kople folk, kompetanse og kapital på ein måte som gagnar næringslivet i Høyanger kommune både på kort og lang sikt.
Hovudarbeidsoppgåver
– Sakshandsaming av næringssaker.
– Deltaking og medverknad i prosjekt- og prosessoppgåver.
– Rettleiing og oppfølging av verksemder.
– Andre oppgåver etter nærare avtale.
Eigenskapar vi er på jakt etter
– Du er endringsorientert og har evne til å sjå dei store linjene.
– Du har gjennomføringsevne og kan jobbe strukturert og målretta.
– Du evnar å jobbe fokusert med mange ulike prosjekt samstundes.
– Du har høgt engasjement og stort pågangsmot.
– Du er temaorientert og er ein lagspelar som ser etter løysingar.
– Du har gode skriftlige og munnlege framstillingsevner på norsk og engelsk.
– Du er komfortabel med å delta i det offentlege ordskiftet knytt til lokal næringsutvikling.
Kompetansekrav
Det er ingen formelle krav til stillinga, men relevant høgare utdanning og/eller erfaring frå samfunns- og næringsutvikling er eit føremon.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn etter avtale.
Tiltreding snarast. Søknadsfrist: 20. desember 2020
Søknad kan sendast på e-post til terje@hnu.no.
Kontakt
Styreleiar Petter Sortland tlf 91 16 45 46
eller Næringssjef Terje Søreide tlf 95 19 84 51
Prosjektleiar/forretningsutviklar
Høyanger Næringsutvikling AS (HNU) søkjer etter prosjektleiar/forretningsutviklar i eit 3-årig engasjement.
Bakgrunn
HNU har over tid hatt ansvar for drifting og utvikling av Høyanger Næringspark, og spelar ei aktiv rolle i arbeidet med å vidareutvikle aktiviteten i næringslokala til Leira Næringspark. Desse fleksible og fram-tidsretta næringslokala i Høyanger tettstad er på om lag 30 000m2, med potensial for utviding.
Det er for tida eit sterkt fokus på sirkulærøkonomi og det grøne skiftet i Høyanger, og etableringar og pro-sjekt knytt til desse stikkorda. HNU ønskjer som eit ledd i denne satsinga å tilsette ein nøkkelperson som kan arbeide med å få på plass meir berekraftig industri- og næringsaktivitet i dei ovanfor nemde lokala.
Hovudarbeidsoppgåver
– Drifting og utvikling av Høyanger Næringspark og Leira Næringspark.
– Aktivt salsarbeid med mål om å tiltrekke seg fleire leigetakarar/verksemder.
– Prosjektstyring.
– Andre oppgåver etter nærare avtale.
Eigenskapar vi ser etter
– Du er salsorientert og har evne til å finne framtidsretta prosjekt/verksemder som har eit etableringspotensiale i Høyanger.
– Du har gjennomføringsevne og kan jobbe strukturert og målretta.
– Du har høgt engasjement og stort pågangsmot.
– Du har gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk og engelsk.
– Du har god kjennskap til utviklinga innan sirkulærindustri og det grøne skiftet.
Kompetansekrav
Det er ingen formelle krav til stillinga, men relevant høgare utdanning og/eller erfaring med prosjek-tutvikling er eit føremon. Skaparevne og teft for forretningsutvikling vil vege tungt i vurderinga av kandidatar til stillinga.
Gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale. Tiltreding snarast.
Søknadsfrist: 20. desember 2020
Søknad kan sendast på e-post til terje@hnu.no.
Kontakt
Styreleiar Petter Sortland tlf 91 16 45 46
eller Næringssjef Terje Søreide tlf 95 19 84 51