Kommunal kompensasjons­ordning – runde 6

Høyanger kommune har fått kr 484 000,- i kompensasjonmidlar i kommunal kompensasjonsordning runde seks. HNU står for utdelinga av desse midlane. Også denne gangen er delar av midlane retta mot servering, overnatting og reiseliv.

Søknadsfrist er 7. mars 2022

– Midlane skal gå til å betre situasjonen for lokale bedrifter, oppretthalde arbeidsplasser og viktig kompetanse.
– Midlane går til bedrifter i Høyanger kommune som har vore særlig hardt ramma av lokale, regionale eller nasjonale smitteverntiltak.
– Dei som ikkje har fått kompensasjonsmidlar, tilskot nasjonalt, regionalt eller lokalt i løpet av pandemien vil bli prioritert.
– Tiltak retta mot vidareutvikling av bedrifta og tilsette vert også vurdert.
– Støtta må vere i samsvar med statsstøtteregelverket, så all form for støtte som er motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021 må gjevast opp.
– Rekneskap for same periode må også leggast ved. For 2021 kan ein legge ved førebels årsrekneskap.

Send inn søknad på regionalforvaltning.no.

For meir informasjon kontakt:
Næringssjef Ingrid Heggø Tlf: 97085321
Næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø Tlf: 47751637