Kommunal kompensasjons­ordning – runde 4

Høyanger kommune har blitt tildelt kr 1,7 mill i runde fire av kommunal kompensasjonsordning til lokale bedrifter. Desse midlane skal vidare til bedriftene som fortsatt har utfordringer som følge av korona, og som er heimehøyrande i Høyanger kommune.

Finn søknadsskjemaet her

I denne omgangen er det kommunar i Nord-Noreg, flyplasskommunar og fjordkommunar på Vestlandet som har fått løyving. Det skal spesielt prioriterast reiselivsbedrifter som er avhengig av langveisfarende kunder iflg tildelingsbrevet.

HNU har fått i oppgåve av Høyanger kommune å stå for utdelinga av koronamidlane. I tillegg til reiselivsbedrifter vil bedrifter som har hatt store tap, men som ikkje har vorte prioritert i tidlegare tildelingsrundar kunne søke. Bedriftene som har søknader der tiltaka som vert planlagde skal styrke og utvikle verksemda i kommande sesongar kan også få støtte.

– Reiselivsbedrifter vil bli spesielt prioritert
– Bedrifter som har hatt store tap pga korona og smittevern og som ikkje er prioritert ved tidlegere tildeling av koronamidler
– Tiltak retta mot vidareutvikling av bedrifta etter pandemien
– Mindre investeringer/oppgraderinger (produktutvikling)
– Spesielle marknadstiltak/salstiltak
– Kompetanseheving/kurs/sertifisering av tilsette
– Kvalitetssikring av verksemda sin aktivitet

Tilskotet skal dekke max 50 % av kostnaden/tapet. Eige arbeid kan setjast til kr 350 pr time i søknaden. Verksemdene som søkjer må legge ved rekneskap for 2020. Det må også i søknaden takast med eit oversyn over det verksemda har fått løyvd av statlege kompensasjonsmidlar frå pandemien starta, tilsagn/utbetalinger frå Innovasjon Norge siste året og tilsagn frå tidlegare løyvingsrundar av koronamidlar og oversikt over evt andre tilskott mottekne i 2020 og 2021.

For meir informasjon kontakt:
Næringssjef Ingrid Heggø Tlf: 97085321
Næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø Tlf: 47751637
E-post: post@hnu.no