Høyanger kommune er tildelt nye 306 000 kroner til kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder, bevilga av Stortinget. Målet med ordninga er å hjelpe lokalt næringsliv som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
Høyanger kommune har delegert til Høyanger Næringsutvikling AS å forvalte tilskotet. Fordeling og framdrift er basert på mål og føringar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Søknadsfristen er 3. oktober
Kven og kva kan det gjevast tilskot til:
Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:
– Heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane
– Har kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og/eller nedstenging
– Har hatt kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og /eller nedstenging, som vil nytte midlane til konkrete tiltak som kan skape aktivitet for næringsliv og innbyggjarar, og styrke kommunen som reisemål.
Storleik på tilskotet:
Tilskotet skal ikkje overstige 50 % av kostnadene/tapet det vert søkt om kompensasjon for. Det vert lagt til grunn at tilskotet kan gjevast i tråd med regelverket for offentleg støtte.
Krav til søkarane:
– Verksemda må ha forretningsadresse i Høyanger kommune
– Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
– Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021
– Grunngje årsaka til at verksemda har falle heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga
– Tilskot må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.
– Er bedrifta ein del av eit større konsern må dette framgå av søknaden.
– Dokumentasjon på tap
For meir informasjon kontakt:
Næringssjef Ingrid Heggø tlf: 97085321
Næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø tlf: 47751637
E-post: post@hnu.no