Kom og mingl med oss!

Det nærmar seg karriermesse i Grieghallen tysdag 22. mars, og vi håpar at du som student eller ung vaksen i Bergen har lyst til å stikke innom oss på Høyanger-standen.

Der kan du møte representantar frå næringsliv og det offentlege, og få nyttige innspel om kva kompetanse som trengs i kommunen, og kva moglegheiter som finst.

Etter messa tek vi turen i samla tropp til Rebel for meir mingling og litt god mat og drikke, så slå gjerne følgje med oss dit.

Karrieremessa opnar kl. 17.30 og varar eit par timar. Praktisk informasjon, og ein oversikt over aktørane som stiller på stand, finn du her.