Klar til dyst

Birgitta Hagen Kyrkjebø er 35 år og bur på Kyrkjebø saman med mannen Bjarte og dei to sonene Oliver og Marcus Emil. Ho har ein bachelor frå BI innan marknadsplanlegging, bedriftsutvikling og organisasjon og leiing.

– Etter endt utdanning fekk eg ein traineestilling gjennom HNU der eg var tre månadar hos Øren Hotel, Sparebanken Sogn og Fjordane, Hydro, Per A. Øren og SafeClean. Etter det flytta vi til Bergen, og der fekk eg etter kvart jobb som avdelingsleiar for H&M. Då familielivet tok til for fullt valde vi å returnere til Høyanger, og etter heimflyttinga har Sæbøegården vore arbeidsplassen min.

Birgitta trur at arbeidserfaringa frå det internasjonale storkonsernet H&M kan vise seg å bli nyttig, også som næringskonsulent i Høyanger.

– Mykje av næringslivet vårt er internasjonalt retta, og tida i H&M gav meg innsikt i korleis eit konsern på det nivået tenkjer rundt strategi og utvikling. Det er ein kompetanse eg håper og trur at eg kan få nytte av dei neste tre åra.

Handel, reiseliv og tenesteyting

Birgitta går rett ut av startgropa som næringskonsulent med klare idear og mål, og det er frå sektorar ho kjenner godt gjennom tidlegare arbeidserfaring at ho har dei største ambisjonane.

– Eg ser eit behov for å skape tenestetilbod og synleggjere kvalitetar som vil gi auka tal besøkjande til kommunen, både tilreisande og fastbuande. Kommunen vår har nok eit større potensial innafor handel, reiseliv og ulike former for tenesteyting enn det vi har fått realisert i dag, og eit av måla mine er å kunne skape dialog og samarbeid mellom næringsaktørar og andre. Håpet er at vi saman kan skape nye tilbod, og kanskje også forbetre noko av det som alt eksisterer. Det er alltid rom for forbetringar, og vi må sjå etter moglegheitene for å kunne utvikle oss.

Lågterskeltilbod

Entreprenørskap er eit anna tema Birgitta brenn for, og ho tar meir enn gjerne imot henvendingar om nokon skulle ha idear eller tankar rundt næringsverksemd som dei ønskjer å lufte.

– Det skal vere høg takhøgde og låg terskel for å komme til meg. Eg håper også på å kunne ta HNU sine kommunikasjonskanalar aktivt i bruk, for å vise kva organisasjonen arbeider med, og resultata som blir oppnådd.

Dei neste månadane skal Birgitta gjere seg kjent med nye arbeidsoppgåver, med verdiskapingsplanen for Høyanger som viktig premissleverandør. Ho har også lyst til å bli betre kjent med næringslivet i kommunen, og innrømmer at ho ikkje har fullstendig oversikt, enda…

– Men eg er klar for å lære, hjelpe andre, og vise til konkrete resultat. Eg gler meg til å vere ein del av HNU dei tre neste åra!

Har du noko du vil snakke med Birgitta om? Ta kontakt på telefon 477 51 637, eller send ein e-post til birgitta@hnu.no.
Stillinga som næringskonsulent i HNU er ei treårig fulltids prosjektstilling.