Kartlegging til handlings- og strategiplan

HNU jobber med handlings- og strategiplan for innovasjon og næringsutvikling. Vi ønskjer å få innspel direkte frå bedriftene i kommunen vår. Desse innspela er viktige og vil bli ein del av kunnskapsgrunnlaget som strategi og handlingsplanen er basert på. Du vil kansje ikkje finne att dine spesifikke innspel i sluttproduktet då innspela vert ein del av kunnskapsgrunnlaget i det vidare arbeidet saman med bla Vestlandssenariet, Regionalplan for innovasjon og næringsutvikling, prosess 21 (prosess21.no), masterplan Sogn 2021, Telemarksforskning mm.

Svara vert ikkje offentleggjort på bedriftsnivå.

Det er viktig å avdekke kva unike konkurransefortrinn vi har i Høyanger kommune, dette vil vi nytte i arbeidet med å markedsføre oss som vertsskap for nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande næringsliv.

Svarfrist er 15. oktober

Du finn spørjeundersøkinga her.