Invitasjon til skipingsmøte for Høyanger Industri- og Næringssamskipnad

Alle næringsdrivande i Høyanger kommune vert hermed invitert til å delta på skipingsmøtet for Høyanger Industri- og Næringssamskipnad: Onsdag 19. januar kl. 17.30 – 20.00 på Fundo i Høyanger tettstad. Møtet vert også på Teams.

Link til Teams-møte

Formålet med samskipnaden er å samle alle næringsdrivande i kommunen til å arbeide for å stø tiltak som kan fremje næringslivet sine interesser, og fremje næringsutvikling i området. Ein skal jobbe for å fremje godt samarbeid mellom medlemmane, styresmaktene og andre viktige samarbeidspartar. Organisasjonen er medlemsbasert og er av og for næringslivet i kommunen. Arbeidsgruppa meiner at ein bør ha minst eit møte på sørsida i løpet av året, oppmodar om at styret flyttar rundt i bygdelaga, og at det også bør vera tilbod om å delta via Teams. Møta bør også leggast opp etter ferjetidene til Ortnevik, der det er relevant.

Arbeidsgruppa foreslår at namnet på den medlemsbaserte organisasjonen vert Høyanger Industri- og Næringssamskipnad (HINS).

Arbeidsgruppa foreslår eit styre på minst fem medlemmar med to varamedlemmar, og ber om innspel på kandidatar til styremedlemmar.

Arbeidsgruppa foreslår også at begge kjønn skal vera representert i styret, og at det skal vera representantar frå både sør- og nordsida av kommunen i styret. Kontingenten er sett til kr 900 pr år for verksemder med 0-5 tilsette, kr 2000 pr år for verksemder med 6-15 tilsette, kr 5100 pr år for verksemder med 16-50 tilsette, og kr 9800 for verksemder med meir enn 50 tilsette.

Medlemsverksemder med 0-5 tilsette har ei stemme, 6-15 tilsette har to stemmer, og dei med fleire enn 16 tilsette har tre stemmer.

Arbeidsgruppa ber om at innspel til styremedlemmer m.m. vert sendt arbeidsgruppa v/sekretær Ingrid Heggø innan 10. januar på ingrid@hnu.no.

Arbeidsgruppa vil legge fram eit framlegg til styremedlemmer for skipingsmøtet.

Arbeidsgruppa har bestått av:
Morten Rørvik (leiar)
Agnete Smelvær (nestleiar)
Helge Dyrrdal
Heidi Kathrin Osland
Ingrid Heggø (sekretær for arbeidsgruppa)

Pga. korona er skipingsmøtet sett til 19. januar kl. 17.30 – 20.00 på Fundo i Høyanger tettstad. Møtet vert også på Teams. Trykk her for å delta via Teams.

Agenda på skipingsmøtet:
1: Val av ordstyrar og sekretær
2: Innkomne framlegg
3: Val av namn på organisasjonen
4: Vedtekter
5: Val av styre – fordelt på eitt og to år
6: Val av leiar for eitt år
7: Anna

Link til Teams-møte


Framlegg til vedtekter

§ 1 Namn

Foreninga sitt namn er Høyanger Industri og næringssamskipnad

§ 2 Medlemar

Som medlem kan takast opp alle verksemder i Høyanger Kommune. Avdelingskontor i Høyanger kommune gjev også rett til medlemsskap.

§ 3 Føremål

a) Å samle alle næringsdrivande i Høyanger kommune til arbeid for å stø tiltak som kan fremje næringslivet sine interesser, og fremje næringsutvikling i området.

b) Å fremje eit godt samarbeid mellom medlemane, styresmakter og andre viktige samarbeidspartar

c) Foreninga tek ikkje del i arbeidstvistar

d) Foreninga er upolitisk

§ 4 Styret

Styret er sett saman av minst 5 medlemar og to varamedlemar, begge kjønn skal vera representert, og både nord og sørsida av kommunen skal vera representert. Styremedlemane er valde for 2 år, med unntak av første året der halvparten vert valde for eit år. Leiar skal veljast særskilt på årsmøtet kvart år. Begge varamedlemane er på val kvart år.

Styret vel sjølv nestleiar, og bestemmer kven som skal ta seg av rekneskapsføringa. HNU er sekretariat dei første åra. Styret fastsest godtgjerdsle for sekretariats jobben .

§ 5 Valnemd og revisorar

Årsmøtet vel kvart år ei valnemd med minst 2 medlemar, og leiar for denne. Årsmøtet vel kvart år inntil to revisorar.

§ 6 Faggrupper

Innan samskipnaden kan det med styret si godkjenning opprettast fag og eller bransjegrupper, eller arbeidskomitear for å fremje særskilte saker.

Styret kan yte desse gruppene eller komiteane økonomisk stønad. Utover denne stønaden er samskipnaden ikkje ansvarleg for gruppene sine økonomiske disposisjonar.

§ 7 Årsmøtet

Årsmøtet er samskipnaden sitt øvste organ.

Verksemder som også har kontor andre stadar i Høyanger kommune har stemmerett etter tal tilsett på avdelingskontoret i kommunen.
Medlemsverksemder i kontingentklasse a) har 1 stemme.(0-5 tilsette)
Medlemsverksemder i kontingentklasse b) har 2 stemmer. (6-15 tilsette)
Medlemsverksemder i kontingentklasse c) og d) har 3 stemmer.(16 tilsette og meir)
Årsmøtet skal haldast kvart år seinast innan utgangen av april. Styret kallar inn til møtet med minst 8 dagars varsel. Med innkallinga skal fylgje: Sakliste, årsmelding, utdrag av rekneskapen og framlegg til budsjett.
Saker som medlemane vil ha fram for årsmøtet må vere styret i hende innan 15 mars.

Årsmøtet gjer vedtak i fylgjande saker:

Godkjenning av årsmelding og revidert rekneskap.
Vedtek budsjett og medlemskontingent.
Valg etter vedtektene
Andre saker som er fremja etter vedtektene.

§ 8 Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte kan haldast når styret eller minst 10 prosent av medlemane krev det.

§ 9 Prokura

Styret sin leiar og nestleiar teiknar for samskipnaden saman.

§ 10 Vedtektsendring

Framlegg til endring av vedtektene skal fram for årsmøtet, som med 3/4 fleirtal av dei avgjevne stemmene kan vedta endring. Framlegg til endring av vedtektene må vere styret i hende innan 31. desember. Kronesummen i vedtektene sin §12 er ikkje ein del av vedtektene og kan endrast på årsmøtet med vanleg simpelt fleirtal.

Alle andre saker vert avgjort med vanleg fleirtal. Ved likt stemmetal er leiar si stemme avgjerande.

§ 11 Oppløysing

Framlegg om oppløysing må leggast fram for årsmøtet og avgjerast med 3/4 fleirtal av dei frammøtte medlemane. Dessutan krevst det 3/4 fleirtal i nytt medlemsmøte som vert innkalla med minst 8 dagars varsel. Årsmøtet og medlemsmøtet vedtek med vanleg fleirtal korleis samskipnaden sine eignelutar skal nyttast.

§ 12 Kontingentsatsar Høyanger Industri og Næringssamskipnad

Verksemder som også har kontor andre stadar enn i Høyanger kommune betalar kontigent etter etter tal tilsett på avdelingskontor i kommunen.

a) Verksemder med 0-5 tilsette betaler ein årskontingent på kr. 900.-
b) Verksemder med 6-15 tilsette betaler ein årskontingent på kr. 2.000.-
c) Verksemder med 16-50 tilsette betaler ein årskontingent på kr. 5.100.-
d) Verksemder med meir enn 50 tilsette betaler ein årskontingent på kr. 9800.-