Handlingsplanen for 2017 er vedtatt

2017 vil bli eit innhaldsrikt år for HNU med mykje arbeid knytt til verdiskapingsplanen og den nyleg vedtatte handlingsplanen. Sistnemde er eit dokument som fortel heilt konkret kva HNU skal prioritere det komande året.

Næringssjef Terje Søreide har tjuvstarta og er alt godt i gong med ein del av prosjekta, og han trur at 2017 har potensial til å bli eit godt næringsår i Høyanger kommune.

– Som næringssjef gler eg meg til å ta fatt på punkta i handlingsplanen. Det er mange spanande prosjekt på gong, og mange moglegheiter for vekst og utvikling både innan næringsliv, busetnad og lokale opplevingar.

Mykje kan skje i løpet av 2017 som endrar føresetnadar og prioriteringar for året, men handlingsplanen ligg fast som eit godt utgangspunkt for HNU med definerte retningar å jobbe ut frå.

– Det er flott å ha eit slikt verktøy å jobbe etter, så får vi sjå korleis dei ulike prosjekta utviklar seg. Vi vil gje små oppdateringar frå arbeidet både her på hnu.no og på facebooksida vår gjennom heile 2017, så følg med vidare.

Handlingsplanen for 2017 kan du finne her.