Odd Arild Løseth og Agnethe Smelvær utgjer leiinga til den nye handels- og reiselivsgruppa til HINS, ei gruppe som vart etablert med god hjelp frå næringssjef Ingrid Heggø i HNU. Den nye gruppa skal arbeid med å styre og utvikle denne delen av næringslivet i kommunen, og kanskje ein av nøklane i det arbeidet kan skimtast i bakgrunnen på bildet?

Handlekraftig handel

Den nye undergruppa til HINS ønskjer å samle og styrke handels-, turisme-, og servicenæringa i Høyanger.

I oktober i år vart det etablert ei ny undergruppe av Høyanger Industri- og næringssamskipnad (HINS) beståande av aktørar innan handel og reiseliv. Den nye gruppa skal arbeide spesifikt med spørsmål og problemstillingar som opptek denne delen av næringslivet i kommunen, og leiar Agnethe Smelvær (dagleg leiar i Borks Feriehus AS i Vadheim) og nestleiar Odd Arild Løseth (butikksjef på Sport’n i Høyanger) er ivrige etter å ta fatt på oppgåva. Korleis den nye gruppa skal arbeide og kva den skal arbeide med er framleis noko uklart, men målsettingane er klare.

– Det overordna målet er å halde på dei tilboda vi har innan handel, turisme og tenesteyting i kommunen, og samstundes utvikle nye. Det kan vere mange måtar å lukkast med ei slik målsetting, og nøkkelen er nok å jobbe heilskapleg på fleire område slik at vi oppnår dei resultata vi ønskjer og treng. Derfor er det fornuftig å samle kreftene. Vi får meir slagkraft som ein samla tropp framfor å berre jobbe kvar for oss som einskildaktørar.

Smelvær og Løseth har begge markert seg med stort lokalt engasjement, og dei har sine eigne innfallsvinklar som dei tar med seg inn i den nystarta gruppa. Leiaren frå trivselsbygda Vadheim har til dømes sett korleis hennar heimstad har gått frå å bli omtalt som eit livlaust vegkryss til å få status som eit sprudlande lokalsamfunn med framtidstru.

– Eg er veldig oppteken av positiv omdømebygging og at vi framsnakkar kvarandre. Det er lett for å ha fokus på det vi ikkje har framfor å trekke fram og støtte opp om dei tilboda som faktisk finst. Om ein ønskjer fleire og utvida tilbod må ein starte med å bruke dei som alt eksisterer, og oppfordre andre til bruke dei gjennom positiv omtale og aktiv promotering.

Nestkommanderande Løseth er einig med Smelvær. Han trekk og fram turisme som viktig for framtida til handelsnæringa i Høyanger.

– Det bur mindre folk i kommunen no enn før, og da er det sjølvsagt vanskeleg å oppretthalde eit tilsvarande tilbod innan handel og service som tidlegare. Ein måte å kompensere for denne utviklinga på er å satse på turisme og få auka aktivitet i butikkane våre som følgje av fleire tilreisande. Eg meiner derfor at denne undergruppa av HINS bør delta aktivt i utviklinga av Høyanger kommune som eit reisemål. Fleire turistar innom dørene våre vil kunne vere med på å sikre dagens tilbod, og etter kvart som volumet aukar danne grobotn for ny næringsaktivitet.

Alle gode krefter velkomne

Den nye handels- og reiselivsgruppa til HINS vart i tillegg til Smelvær og Løseth starta opp av Åse Sæbøe (Sæbøegården i Høyanger), Siw Øren (Øren Hotel), Jon Nesheim (Nesheim Camping), Janne Elin Osland (Larsgarden Tunhotell) og Laurens Broch (Lavik Fjord Hotel & Apartments). Ei variert gruppe medlemmer frå alle kantar av kommunen, og etablererane ønskjer andre som vil bli med hjarteleg velkommen.

– Vi oppmodar alle som har lyst til å vere med i gruppa og som har ambisjonar og ønskjer for handel, service og reiseliv i Høyanger om å ta kontakt med oss. Jo fleire vi blir, og jo meir variert gruppa er med tanke på geografisk representasjon, bakgrunn og kompetanse, jo lettare blir det å gjere den slagkraftig. Vi ønskjer å sette dagsorden og prege utviklinga til denne delen av næringslivet i kommunen.

Handel, service og reiseliv kan vere så mangt, og spørsmål og problemstillingar som gruppa vil jobbe med kan bli mange. Smelvær og Løseth trekk fram møteplassar for ungdom, infrastruktur for turisme i form av til dømes bubilparkering og båthamner, samt rutetilbod innan kollektivtransporten som berre nokre få av mange tema som kan bli aktuelle å ta opp. Dei to trekk og fram verdien av å møtast, og bli betre kjent med kvarandre.

– Vi er ikkje ein veldig stor kommune, men Høyanger er stor nok til at det kan vere vanskeleg å halde oversikt over alt som rører seg innanfor handel, service og reiseliv. Da er det nyttig å ha ein arena der ein kan møtast slik at ein kan bli betre kjent med kvarandre, og utveksle erfaringar og få innspel som kan hjelpe ein vidare i sitt eige arbeid. Å ta roller som samarbeidspartnarar og ikkje som konkurrentar er langt enklare når ein snakkar saman.

Arkitektkontoret Xform arbeider for tida med eit konsept for K1 som eit opplevings- og kulturformidlingsanlegg i Høyanger tettstad. Attraksjonar som gjer Høyanger til ein meir spanande reiselivsdestinasjon kan vere med på å styrke grunnlaget for lokal handels- og servicenæring.

Klare til dyst

Den nye HINS-gruppa vil no på tampen av året starte møteaktiviteten sin, og finne vegen vidare. Idéar skal samlast og ønskjer og behov kartleggast.

– No er vi i gang, og no er det opp til oss sjølve å skape dei resultata vi ønskjer gjennom denne gruppa. HNU fortener ros for å ha lagt til rette for etableringa av HINS, og vidare for å ha hjelpt oss i gang som ei undergruppe. Det er viktig for oss bedriftene å ha ein aktør som HNU som kan fasilitere og vere eit bindeledd mellom lokale næringsaktørar og andre samfunnsaktørar. Mykje av det som påverkar handel, service og reiseliv er ikkje unikt for næringslivet, men omhandlar gjerne samfunnet som heilskap. Vi kjem derfor til å vere aktive ovanfor til dømes kommunen og lag og organisasjonar for å få eit best mogleg samarbeid, og ta vår rolle i arbeidet med å skape bu og blilyst, samt gjere Høyanger kommune til eit enno meir attraktivt reisemål.