Gratis korte utdanningar

Fagskulen Vestland og Campus Verftet tilbyr no gratis korte utdanningar – såkalla Industrifagskule. Kursa vil bli gjennomført digitalt på nett på ettermiddagstid gjennom heile 2022. Kursa er på fagskulenivå, og kursdeltakarane vil trenge fagbrev eller tilsvarande praksis/realkompetanse for å kunne delta.

Fagskulen Vestland og Campus Verftet tilbyr 23 korte utdanningar, men har moglegheit til å produsere nye kurs om det finst behov for kompetanse som ikkje blir dekka av dei noverande kursa. Om du har forslag til nye kurs kan du ta kontakt med Reidar Grønli.

I kursoversikten nederst på denne sida finn du ein oversikt over datoar der påmeldinga er open. Meir informasjon og påmeldingsskjema finn du ved å trykke på knappen under.

Påmelding

NB! I påmeldingsskjema må de velje alternativ studiestad. Du må velgje nynorsk og studiestad Førde for å melde på til Industrifagskulen.

Informasjon om/studieplan for kursa er delvis produsert. Informasjonen vil bli lagt ut slik:
– Per i dag er informasjon og påmelding for kurs 1 – 4 lagt ut på lenka under.
– Informasjon om kurs 5 – 12 blir lagt ut 21.2.22.
– Informasjon om kurs 13 – 23 blir lagt ut 25.4.22.

Spørsmål? Kontakt Soldis Årseth Trippestad