Ein smeltedigel og eit kontorfellesskap

Det skjer mykje på Fundo for tida, og det er meir i vente.

Næringsklynger, campusar og kontorfellesskap har vore i vinden dei seinare åra, og det med god grunn. I miljø der fleire næringsaktørar er samla oppstår det gjerne utvikling, knoppskyting og synergieffektar, og vi i Høyanger Næringsutvikling har over tid hatt eit ønskje om å få etablert eit slikt miljø også i Høyanger.

Eit kontorfellesskap som har fått mykje merksemd sidan etableringa i 2019 er Peak Sunnfjord, og i dag er deira lokale i Førde «heimen» til mange bedrifter som opplev suksess og lukkast med satsingar. Peak har også etablert seg i Florø og i Måløy, og har fleire lokasjonar i kikkerten.

Saman med Peak Sunnfjord har vi i HNU sett på potensialet og moglegheitene for etablering av eit kontorfellesskap i Høyanger. Vi ønsker å få lage eit moderne og dynamisk kontorfellesskap for grundarar, oppstartsselskap, etablerte bedrifter, verkemiddelapparat og utdanning. Her vil det tilretteleggast for privatkontor, hotdesk-plassar og fjernarbeidsplassar (remote).

Peak har i samarbeid med oss i HNU laga ein film som viser korleis eit kontorfellesskapsmiljø på Fundo i Høyanger Næringspark sine lokale kan kome til å bli. Ingenting er bestemt enno, og det er framleis eit stykke igjen før ei eventuell realisering, men denne filmen vil forhåpentlegvis kunne gje eit inntrykk av retning og målsetting for eit slikt moderne kontorfellesskap. Vi meiner at Fundo er ein ideell stad for ei slik etablering, og ein er på mange måtar alt godt i gang med å skape eit slikt miljø. Fabrikklokala på Hjetland er i dag mellom anna fylt med utdanning og innovasjon, sirkulærøkonomi og systemutvikling, erfaring og idémyldring. Moglegheitene er etter vårt syn mange og potensialet stort, og eit kontorfellesskapsmiljø som dette kan bli ein viktig grobotn for nye spanande næringslivsprosjekt i Høyanger i åra som kjem.

Vi i HNU er entusiastiske for ei etablering av eit kontorfellesskap på Fundo i Høyanger, og har allereie mange interessentar som ønsker å ta del i dette prosjektet. Om du ønskjer å vite meir, eller skulle vere interessert i å ta del i eit slikt miljø, håpar vi du tar kontakt med oss for ein prat.

Helsing Ingrid, Birgitta og Tommy.