Månadens bedrift på hnu.no

Compilo klar til å erobre Norden

Fakta

Bedrift:

Compilo

Oppstartsår:

2004

Bransje:

Systemutvikling

Tilsette:

11

Teknologibedrifta siktar internasjonalt frå «nye Fundo», noko som vil krevje meir lokal arbeidskraft.

Bakgrunnen til det som i dag er Compilo har blitt fortalt mange gonger før, men historia er så god at den godt kan repeterast… Høyanger kommune bad rundt årtusenskiftet sjukepleiar Ivar Klævold om å lage til eit kvalitetssikringssystem meint for pleie- og omsorgstenesta i kommunen. Resultatet vart eit særs gjennomarbeida og velfungerande system samla i ein ringperm, og John Tonheim fatta interesse for permen og systematikken som var utarbeida i den under eit av sine besøk på rådhuset i industribygda. Han fekk låne permen under føresetnad om at bruk av innhaldet i den skulle skape arbeidsplassar i Høyanger, og slik vart det. Selskapet Kvalitetslosen vart etablert i 2004, og arbeidet med å utvikle moderne programvare som etter kvart skulle bli rådande i Norge starta opp. Kvalitetslosen heiter i dag Compilo, og selskapet har vakse til å bli ein leiande aktør på feltet med internasjonale ambisjonar. Dagleg leiar Tonheim fortel at kombinasjonen av god programvare og ekstremt flinke tilsette har vore suksessformelen gjennom snart 20 år.

– Vi starta med eit godt utgangspunkt i form av systemet til Klævold, og så har det blitt vidareutvikla av tilsette som både har forståinga ein treng for behova til kundane våre, og evnene til å utvikle løysingane som dekker desse behova. Dei som jobbar i Compilo veit kvar skoen trykker i arbeidskvardagen, men dei er og litt spåmenn. Vi lagar ikkje løysingar som skal dekke behov akkurat no, men som skal dekke behov fem år fram i tid.

Produktet til Compilo har utvikla seg fortløpande sidan etableringa, og i dag ønskjer selskapet å levere ein hub der informasjon blir samla inn og fordelt ut til dei rette vedkomande. Med mykje informasjon som skal fordelast i store organisasjonar blir det fort ei kompleks oppgåve, særleg når det og gjerne er mykje lovverk og retningslinjer å ta hensyn til.

– Vi utvidar stadig produktet vårt og rettar det mot nye målgrupper. Vi har akkurat landa ein større avtale knytt til eit FDV-system (forvaltning, drift og vedlikehald) som skal gjere det lettare for kommunane å til eikvar tid få ein oversikt over statusen på bygga sine. Vi har løysingar for kommunikasjonen mellom kommunar og innbyggjarane, og vi har nyleg utvikla løysingar som lar politikarar følgje opp status og framdrift i prosjekt som har vore til politisk handsaming. Dette er berre noko av det vi tilbyr, og vi har mange andre system som har vore med oss lenge og som vi har vidareutvikla over lang tid, slik som til dømes systema våre retta mot pleie- og omsorg, som var det vi starta opp med i 2004.

«Rund» gjeng bak «firkanta» løysingar

Compilo er eit selskap prega av store kontrastar. Produkta deira er gjerne «firkanta» og regelstyrte, men det er adjektiv ein ikkje kan nytte om gjengen som står bak løysingane. I Høyanger er det Gaute Pedersen Haugen som leiar det Compilo sjølv gjerne omtalar som både ryggraden og hjartet i selskapet, og i dei nye kontorlokala deira i Høyanger Næringspark er det fridom under eige ansvar som gjeld.

– Vi jobbar fleksibelt og framstår sikkert som ein litt uorganisert kompisgjeng utad, men vi er svært dedikerte til arbeidsoppgåvene og kan fokusere intenst på å finne løysingar når det er behov for det.

Sjølv sit dagleg leiar Tonheim til dagleg i Oslo, men han har ingen problem med å la avdelinga i Høyanger «gå på sjølvstyr».

– Det er nok sikkert dobbelt så vanskeleg å lukkast med denne typen satsingar ute i distrikta enn i byane der ein er tettare på fleire potensielle kundar og avgjerdstakarar, men det betyr ikkje at det ikkje er mogleg, noko vi er eit døme på. Ein må berre jobbe litt hardare, og så finst det sjølvsagt også fordelar ved å drive i distrikta, slik som større lojalitet hos dei tilsette. I byane byttar ein gjerne oftare jobb innan teknologibransjen, men vi har vore heldige som har hatt ein ekstremt stabil arbeidsstokk. Det gjer til at våre tilsette har inngåande kunnskap til våre eigne løysingar, behova til kundane våre, og forståring for kvar selskapet kjem frå og kvar vi er på veg. Så gjengen i Høyanger er heilt klart uvurderleg for Compilo.

Produktporteføljen til Compilo veks stadig, og no skal snart kommunar i heile Norden bli kjent med systema som hadde sitt utspring i Høyanger for snart 20 år sidan.

Internasjonale ambisjonar og lokal vekst

Som for fleire andre selskap som jobbar med informasjonsstraumar mellom menneske har også Compilo opplevd ein oppsving under koronapandemien.

– Ein viktig del av jobben vår er å lære opp folk i å bruke systema våre, og før reiste vi gjerne mykje rundt til dei ulike kundane og heldt kurs hos dei, men dei siste åra har denne opplæringa gått meir og meir over til å skje på nett i form av webinar. Vi jobbar og med å bygge opp eit eige community av brukarar der dei kan utveklse erfaringar med kvarandre i eit digitalt fellesskap, noko vi ser at mange har stor nytte av.

I 2019 vart Compilo kjøpt opp av Confirma Software, som er eit konsern med hovudkontor i Stockholm. Etter oppkjøpet endra føresetnadane for Compilo seg noko, og det vart eit sterkare fokus på å også tilby løysingane til selskapet utanfor dei norske landegrensene.

– Det er litt annleis å berre vere seg sjølv og det å vere del av eit større konsern. Vi set til dømes no for første gong i historia opp eit budsjett. Tidlegare har vi ikkje tatt den biten så tungt, men med såpass friske ambisjonar som del av ein større heilskap må vi ha slike styringsdokument på plass. Målsettinga er å få 300 nye kommunar i Norden på kundelista i løpet av dei neste fem åra. Per i dag har vi 260 kundar og omlag 300 000 brukarar i Norge, så det er snakk om ein ganske formidabel vekst. I ei slik satsing har vi ein stor fordel i at produktet vårt er lett skalerbart. Vi kan lage ei løysing, og så selje den om og om igjen til stadig nye kundar.

Men sjølv om det same produktet kan seljast fleire gonger skapar fleire kundar uunngåeleg også eit behov for meir arbeidskraft, noko som og vil gjelde for avdelinga i Høyanger.

– Det er klart at om vi doblar kundelista vår så vil det krevje meir kapasitet i organisasjonen, så det er er svært sannsynleg at vi må styrke avdelinga i Høyanger i åra som kjem. Kroppen til Compilo kan ikkje vekse seg større om ryggraden og hjartet i selskapet held same storleik som i dag.