Bli med på karrieremesse

22. mars blir karrieremessa til Framtidsfylket arrangert i Bergen, og vi satsar på å – tradisjonen tru – stille med ein solid Høyanger-delegasjon.

Om du har ledige stillingar eller berre ønskjer å få eit inntrykk av kva unge vaksne utdannar seg til og er opptekne av når dei søkjer jobb i dag, er deltaking på karrieremessa i Grieghallen i Bergen nyttig. 22. mars samlar Framtidsfylket arbeidsgivarar, studentar og jobbsøkjarar til felles mingling, og bedrifter i Høyanger er hjarteleg velkomne til å delta.

I år vil vi forsøkje å samle fleire bedrifter under ein felles Høyanger-stand, men det vil sjølvsagt vere høve til å stille med eigen stand om ein ønskjer det. Om di bedrift kunne tenke seg å vere med som del av Høyangerstanden håpar vi at du tar kontakt med oss. Det er kjekt å stå fleire samla frå same kommune, noko som og gir oss større «slagkraft» i kampen om merksemda til dei unge talenta!

Om di bedrift ikkje har høve til å delta på karrieremessa sjølv men har eit rekrutteringsbehov no eller i nær framtid kan vi i HNU ta rolla som din representant på messa. Orienter oss om kva kompetanse di bedrift søkjer, så tar vi det med oss i våre møter med deltakarane på messa. Om du har materiell som brosjyrer eller stillingsutlysingar kan vi sjølvsagt ta det med oss og dele ut til aktuelle kandidatar også.

I år har Framtidsfylket mål om å gjere arrangementet så grønt som mogleg, og dei oppfordrar derfor dei som skal delta på stand om å tenke over alternativ til give-aways. For fleire praktiske opplysningar og anna informasjon, sjå https://www.framtidsfylket.no/artikler/standhaldar.

Så kort oppsummert: Ta kontakt med oss om du ønskjer å delta på karrieremessa 2022 i Bergen som del av ein felles Høyangerstand/med eigen stand, eller om du ønskjer at vi skal representere di bedrift på messa.

Har du spørsmål, eller ønskjer å delta?

Snakk med næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø (e-post: birgitta@hnu.no tlf: 47 75 16 37)