Bli med på eit teknoløft

Fredag kjem Øyvind Heimset Larsen frå Vestlandsforsking og Jøril Hovland frå Kunnskapsparken til Høyanger for å fortelje om Teknoløft Sogn og Fjordane – (digital) kompetanse for næringslivet.

Teknoløft Sogn og Fjordane skal leverer næringsrelevant kompetanse, kapasitet og kandidatar innan robotisering og automatisering, Big Data og digitalisering. Teknoløftet skal bidra til å auke næringslivet sin bruk av forsking til utvikling og innovasjon, og minst doble den årlege løyvinga frå NFR og EU til næringsretta forsking i Sogn og Fjordane.

Om di bedrift kan ha interesse av denne tematikken er du hjarteleg velkommen fredag 18. februar Fundo kl. 11. Programmet blir som følgjer:

· Kl. 11:00 – Mat og mingling
· Kl. 12:00 – Øyvind og Jøril presenterer Teknoløft
· Kl. 12:30 – Diskusjon og drøfting av moglegheiter framover

Sidan det blir matservering ønskjer vi ei tilbakemelding frå dei som vil bli med innan torsdag kl. 11.