Marknadar, føresetnadar og situasjonar endrar seg, og verksemder må fortløpande tilpasse seg omgjevnadane for å vekse. Om di verksemd har tankar om utvikling kan HNU hjelpe.

Uansett kva utfordringar eller moglegheiter verksemda di står ovanfor er du velkomen til å kontakte HNU for ein prat. Vi har høg takhøgde og sjølvsagt teieplikt. Du kan vere trygg på at tankane dine ikkje kjem på avvege når du snakkar med oss.

Ulike selskap står gjerne i unike situasjonar, og det er vanskeleg å gje generelle råd på ei nettside. Vi oppfordrar derfor til å ta kontakt så vi kan få innsikt i di bedrift sin situasjon.

HNU har ei rikt utstyrt verktøykasse som kan hjelpe di bedrift vidare, om du ser eit vekstpotensial. Vi kan nemne finansiering, kjennskap til kvalifiserte styremedlemmer, kjennskap til ulike støtteordningar, kjennskap til relevante fagmiljø og tett kontakt med andre næringsapparat i regionen.