Høyanger Næringsutvikling (HNU) vart etablert i 1988 og er Høyanger kommune sitt nærings- og tiltaksapparat.

HNU får driftsmidlane sine gjennom direkte overføring frå kommunen. I tillegg har selskapet tilgang til statlege midlar som kan inngå i meir konkrete prosjekt. Formålet med HNU er å fremje utvikling av allsidig og lønsam næringsverksemd, yte fagleg rådgjeving til eksisterande og potensielle verksemder, arbeide med kompetanseheving for næringslivet, og yte tilskot.

Vedtekter

HNU skal drive aktiv næringsutvikling i Høyanger kommune. Vedtektene gir følgjande føringar for HNU:

  • HNU skal ta aktiv del i det næringsretta kommuneplanarbeidet, og i samarbeid med kommunen utforme strategiar for ei aktiv næringsutvikling i kommunen.
  • Yte etablerarstønad og tilby rådgjevning ovenfor nyetablerarar og eksisterande verksemder.
  • Vere kontaktskapande organ mellom næringsliv og kommunale, fylkeskommunale og statlege styremakter.
  • Ta aktiv del i samarbeid med andre tiltaksorgan i og utanfor kommunen.
  • I samarbeid med kommunen fremje næringspolitiske saker ovanfor andre instanser.

Styret i HNU

Styret i HNU består av representantar frå næringslivet og medlemmer av kommunestyret.

Petter Sortland

Styreleiar

Petter Sortland er ordførar i Høyanger for Arbeidarpartiet.

Frode Øren

Styremedlem

Frode Øren er dagleg leiar og styremedlem i ei rekkje selskap i Høyanger.

May Britt Torsnes

Styremedlem

May Britt Torsnes er HR Sjef på Nyrstar Høyanger.

Wenche Eldegard

Styremedlem

Wenche Eldegard var fabrikksjef ved Hydro i Høyanger.

Monika Sunde Tjønnås

Nestleiar

Monika Sunde Tjønnås arbeider for Norled og er kommunestyrerepresentant for Høgre.

Arvid Beinnes

Styremedlem

Arvid Beinnes er dagleg leiar og eigar av Polarlys.

Geir Helge Østerbø

Styremedlem

Geir Helge Østerbø er kommunikasjon/samfunnskontakt i Osland Havbruk og kommunestyrerepresentant for Senterpartiet.

Oddhild Marie Løbø

Varamedlem

Oddhild Marie Løbø er eigar og dagleg leiar i Løbø Rekneskap og Økonomi.