Omdømesamling med utgangspunkt i idretten

Innsendt av Johnny Litzheim.

Mange idrettstalent frå Høyanger kommune har markert seg nasjonalt og internasjonal dei seinare åra. Nokre døme er Even Hovland, Sedrik Ullebø, Malene Haukøy Blikken, Even Mannsåker og Lisa Måren Løseth. Vi har og mange lokale idrettsutøvarar/trimmarar som er opptatt av fysisk aktivitet.

Johnny Litzheim foreslår å arrangere eit seminar med foredrag og eit panel av desse lokale talenta leia av ein kjent idrettspsykolog/trenar (f. eks Johan Kaggestad) for å snakke om treningskultur, motivasjon og mål. Andre foredragshaldarar kan f.eks komme frå Sogndal fotball.

Kva har gjort bygder som Sogndal, Stryn, Breim og Voss kjente? Jo idrettsprestasjonar. Dette potensialet bør også Høyanger utnytte.

Arrangør bør vere IL Høyang med støtte frå HNU.