Vi er sikre på at det finst mange gode prosjekt og idéar som kan føre til næringsutvikling i Høyanger kommune, noko som er bakgrunnen for etableringa av idébanken her på hnu.no. Idébanken skal vere eit lågterkseltilbod der du kan komme med innspel til prosjekt og oppgåver som du meiner vi bør prioritere for å auke verdiskapinga.

Send ein e-post til kontakt@hnu.no eller bruk kontaktskjemaet under for å sende inn ditt innspel. Du vil få ei tilbakemelding på korleis vi vil handsame innspelet ditt, og det vil bli gjort ei vurdering om eventuell premiering som takk for bidraget.

Retningslinjer:

  • Vi publiserer ein bearbeida versjon av alle innspel som kjem inn på denne sida så andre kan sjå kva innspel som alt har blitt sendt inn. Om du ønskjer at ditt innlegg ikkje skal publiserast kan du skrive det i feltet «Ditt innspel».
  • Vi kan kome til å publisere innspel på Facebook. Om du ikkje ønskjer ei publisering der kan du skrive det i feltet «Ditt innspel».


Idébankhvelvet

Etablererkurs

Satt inn 17. januar 2017

Omdømesamling med utgangspunkt i idretten

Satt inn 2. desember 2016