Høyanger kommune er ein fotogen kommune. HNU ønskjer å byggje opp ei samling med flotte foto frå Høyanger som kan nyttast på nett, i presentasjonar, osv.

Om du har fine foto som vi fritt kan få lov til å nytte i vårt profil- og marknadsføringsarbeid vil vi sette stor pris på det om du sendar dei til oss på kontakt@hnu.no. Du vil som fotograf sjølvsagt krediterast på bilde, og HNU vil ikkje vidaredistribuere bilde utan å først klarere dette med deg som opphavsperson.