Workshop – Sosiale medier

Sosiale medier er i dag kanskje den mest effektive og tilgjengelege marknadsføringskanalen som finst for bedrifter. Men kva skal til for å lukkast, kva kanalar bør du satse på, og korleis bør du jobbe?

Dette er nokre av spørsmåla som vil bli tatt opp under workshopen på Øren Hotel 22. mai. Frå kl. 17.30 til 20.30 vil Stig Øvreås i Finurlig orientere om status for sosiale medier i 2019, og dele sine tips til kva som kan gi di verksemd betre resultat i digitale kanalar.

Tema for kvelden:
– Fakta og status for sosiale medier i 2019
– Litt om merkevarebygging generelt
– Konkrete tips og nyttige verktøy
– Dømer på gode profilar
– Arbeid med oppgåver knytt til eigne profilar
– Bevisstgjering og diskusjon

OBS: Ta med PC eller nettbrett til arbeid med oppgåver.

Etter at fagdelen er avslutta vil Stig vere tilgjengeleg for spørsmål og gjennomgang av profilar.

Workshopen er for alle næringsaktørar/offentlege aktørar i Høyanger kommune, men det vil bli eit ekstra fokus på bruk av sosiale medier for handels-, service- og reiselivsverksemder.

Arrangør av workshopen er HNU i samarbeid med Finurlig. Meld deg på ved å sende ein e-post til birgitta@hnu.no.

Arrangementssida på facebook finn du her.

Det blir ein god blanding av fakta, tips og diskusjon under workshopen.