Visjonar og gjennomføringskraft

Ingrid Heggø får eit solid mannskap i ryggen når ho til sommaren byrjar som næringssjef i Høyanger kommune.

For omlag 14 dagar sidan vart det kjent at Tommy Ølmheim er tilsett som prosjektleiar i HNU, og i førre veke kom nyhenda om at Ingrid Heggø skal ta over etter Terje Søreide som næringssjef så snart inneverande stortingsperiode er over. Høyanger kommune satsar på næringsutvikling, og ordførar/styreleiar i HNU Petter Sortland grunngir satsinga i eit aukande behov for etablering og utvikling av lokale bedrifter.

– Delar av næringslivet vårt, og då særleg i kommunesenteret, er filialar i store internasjonale konsern. Det medfører at det tidvis blir tatt vedtak som slår uheldig ut for oss lokalt, og som det kan vere vanskeleg for oss å påverke. Kommunestyret valde derfor på slutten av fjoråret å auke løyvingane til HNU så det kan jobbast enno meir aktivt med knoppskyting med lokal forankring, mellom anna gjennom den nye prosjekt­leiar­stillinga.

Opprettinga av prosjek­tleiar­stillinga med eit særleg ansvar for forvaltning av næringsparkane i Høyanger er eit spleiselag mellom HNU, Hjetland Industripark AS og Leira Næringspark AS. Inn i HNU kjem også Ingrid Heggø, som erstattar for næringssjef Terje Søreide. Styreleiar Sortland er svært nøgd med det nye laget i kommunen sitt nærings- og tiltaksapparat.

– HNU vil bestå av eit flott team frå sommaren av der dei tre tilsette har ulik kompetanse og erfaring. Tommy har ein variert bakgrunn med roller på leiarnivå innan fleire fagfelt. Næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø står for kontinuiteten i HNU, og har god kjennskap til interne prosessar og rutinar, lokalt næringsliv, kommune­administrasjonen, regionale tiltaksapparat og andre samarbeids­partnarar. Ingrid kjem på si side inn med sine 16 år på Stortinget i bagasjen. Det er klart at tida i politikken på nasjonalt toppnivå har gitt ho eit nettverk og ei innsikt som vil vere svært nyttig å ha med seg i rolla som næringssjef.

Positiv tilnærming

Den påtroppande næringssjefen er sjølv meir enn klar til å gå i gang med nye oppgåver som næringssjef, og ho har nytta veka som har vore til å framsnakke Høyanger i lokalpressa som ein stad prega av moglegheiter og vilje til å skape.

– Eg er genuint overbevist om at Høyanger har kvalitetar som gjer kommunen til ein framtids­kommune. Ute i bygdene våre er det mange eksempel på bedrifter som går svært godt, og som er viktige lokomotiv i lokalsamfunna. Vi finn og slike bedrifter i kommune­senteret, sjølv om historia om næringslivet i Høyanger tettstad har vore prega av negativt nytt dei seinare åra. Men her finst det ein infrastruktur og ein industrikultur som kan være svært verdifull for dei rette aktørane, og vi ser at det er ein etterspurnad etter desse kvalitetane som Høyanger kan tilby. No handlar det om å tilrettelegge og vere vertskap, og med prosjekt­leiar­stillinga på plass er det mogleg å spele ei meir aktiv rolle på det området.

Med åtte år i næringskomitéen og fire år i finanskomitéen på Stortinget er Heggø godt vant til å tenke næringsutvikling og til å sjå dei store linjene. Ho har mange ballar i lufta og er mykje i kontakt med folk, mellom anna gjennom 50 til 100 årlege bedriftsbesøk som stortings­representant. Heggø har med andre ord god innsikt i kva bedrifter av alle storleikar og i alle typar bransjer er opptekne av.

– HNU sin jobb er å tilrettelegge for at lokale næringsaktørar kan få utløyst sitt potensial på ein best mogleg måte, slik at dei kan skape vekst og utvikling som gagnar oss alle. I denne rolla må ein derfor lytte til dei som jobbar ute i bedriftene, så ein kan forstå behov og hjelpe til der ein kan. Innbyggjarane og bedriftene i Høyanger er heldigvis flinke til å gje tilbakemeldingar, og dei har ofte meiningar og bryr seg om heimstaden sin. Det er eit engasjement som er viktig, og som kan brukast konstruktivt. Det er mange gode krefter i kommunen vår, og om vi alle jobbar saman er eg overbevist om at vi kan skape ei enno meir levande og framtidsretta utgåve av Høyanger i tida som kjem.