Vil reetablere næringsforum

På sin første dag på jobb som næringssjef inviterte Ingrid Heggø bedriftene i kommunen til å samle seg i eit felles næringsforum for heile Høyanger.

Torsdag 1. juli samla næringslivet i Høyanger seg for første gong sidan koronautbrotet til meiningsutveksling og sosialt samvær. Tema for samlinga var i hovudsak ei potensiell reetablering av Høyanger Næringsforum, og den ferske næringssjefen ba forsamlinga om innspel til organisering og prosess rundt ei reetablering.

– Det er mange innordningar ein kan velje for eit slikt næringsforum, og vi ser at ein har gått for ulike modellar andre stadar. Under samlinga i dag var det nokre som tok til orde for at dei ulike bygdene i kommunen etablerer sine eigne forum som kan samlast i eit større paraplyforum for heile kommunen, medan andre ønskjer eit felles samlande forum. Vi tek alle innspel med oss i den vidare prosessen.

Heggø meldte frå til bedriftene at HNU kan vere behjelpelege med sekretæriatstenester for eit eventuelt næringsforum, og kan ta rolla som fasilitator under ei etablering.

– Både vi i HNU og kommunen har eit ønskje om å kunne vende oss til næringslivet som heilskap i visse høve, og i så måte hadde eit felles næringsforum vore ideelt. Det er og derfor vi no tek rolla som pådrivar, og vi trur at eit næringsforum kan vere med på å skape enno meir kunnskaps- og informasjonsutveksling i Høyanger.

Sjølv om mange tok ordet under samlinga torsdag var det kanskje og dei som ikkje følte for å ytre seg om temaet «der og da». Dei vil få høve til å melde inn sine synspunkt gjennom ei spørjeundersøking som HNU vil gjennomføre om kort tid. Der kan sjølvsagt og dei som ikkje kunne stille under samlinga få kome til orde.

– Bedrifter kan sjølvsagt og ta kontakt med oss direkte om dei har meiningar eller innspel. Reetablering av Høyanger Næringsforum står høgt på agendaen vår, noko som og er årsaka til at eg tek tak i dette alt på første arbeidsdag. Vi blir veldig glade for alle tilbakemeldingar, initiativ, idéar og engasjement knytt til dette prosjektet.