Birgitta Hagen Kyrkjebø i Høyanger Næringsutvikling (HNU) nyttar våte haustdagar til å arbeide med etablering av eit aktivitetssenter som skal opne neste vår i Høyanger sentrum. No søkjer ho lokale aktørar som ønskjer å tilby aktivitetar og opplevingar til turistar.

Vil fylle nytt senter med aktivitetar

Høyanger Næringsutvikling (HNU) søkjer for tida lokale aktørar som kan tilby aktivitetar og opplevingar til tilreisande. Reiselivsprodukta skal inngå i eit samla tilbod i eit nytt aktivitetssenter som skal etablerast i Høyanger sentrum.
– Målet er få senteret opp og gå alt neste vår, fortel næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø.

Etableringa av eit aktivitetssenter i Høyanger er eit pilotprosjekt i regi av Balestrand Adventure AS, eit nystarta selskap med Kviknes Hotel, Balholm Bilutleige, J. Bratt AS, Balestrand Fjord Adventures og Balestrand Taxi som initiativtakarar og eigarar. Med på planlegging og tilrettelegging er også Balestrand kommune og HNU, som ser store fordelar i å koble seg på initativet frå Balestrand.

– Planen er at dette blir det første av fleire «distriktskontor» i regionen som Balestrand Adventure vil stå bak. Dette er eit pilotprosjekt der eit eige aktivitetssenter kombinert med turistinformasjon i Høyanger sentrum vil stå sentralt. Nøyaktig kvar senteret vil bli liggande er ikkje heilt avklart, men dette er noko vi arbeider med å få på plass innan kort tid.

I det nye aktivitetssenteret vil turistar og tilreisande kunne stikke innom for å utforske kva reiselivsprodukt som finst i kommunen på aktivitetssida, og sjølvsagt også bestille ulike typar produkt.

– Sjølve senteret vil bli ein naturleg stoppestad for turistar og eit samlingspunkt for reiselivsrelatert aktivitet i Høyanger, men det vil også kome på plass ein felles nettbasert bookingløysing som vil gjere det enkelt for tilbydarar å selge produkta sine. Og kanskje enno viktigare, for turistar å bestille aktivitetar og opplevingar.

Nyttig erfaring

Aktørane bak Balestrand Adventure har lang erfaring med utvikling av reiselivsprodukt i nabokommunen i aust, og Hagen Kyrkjebø trur det vil bli nyttig å få deira ekspertise på plass også i Høyanger.

– Denne satsinga vil truleg kunne bidra til å byggje miljø og styrke ein kultur der ein tenkjer reiseliv og produktutvikling i Høyanger. At det kjem eit samlande senter vil forhåpentlegvis gje reiselivssatsinga ekstra kraft, og kan gjere det enklare å starte opp for dei som måtte ha reiselivsprodukt dei ønskjer å tilby.

Aktivitetssenteret vil ta seg av sal og marknadsføring slik at dei lokale tenestetilbydarane kan bruke tid og energi på det som er viktigast, å skape gode og minneverdige opplevingar for dei tilreisande.

– Det kan bli mange positive synergieffektar ut av eit slikt senter. Det vil kunne gjere det lettare å komme i gang med konkrete reiselivstilbod for einskildaktørar, og Høyanger vil bli ein meir attraktiv stad å besøkje for turistar om vi har ein rikhaldig og oversikteleg meny av aktivitetar ein kan velje mellom.

Ønskjer innspel velkommen

Idéen om eit konkret samarbeid mellom reiselivskrefter i Balestrand og Høyanger kom i kjølvatnet av reiselivsseminaret som HNU arrangerte våren 2018. Sidan den gong har dialogen gått mellom aktørar i dei to kommunanen, med HNU som pådrivar frå Høyanger si side. Som del av satsinga vil også dei ulike lokale overnattingsstadane og anna næringsliv bli invitert inn som samarbeidspartnarar og/eller medeigarar.

– Kommunane våre er ganske ulike i reiselivssamanheng, men vi utfyller kvarandre. Det er derfor heilt naturleg med eit samarbeid, men vi ser også vidare innover Sognefjorden. Det blir arbeida med eigne dagsturruter med buss frå Sogndal til Høyanger, der besøkande kan hoppe av for å delta på aktivitetar.

Hagen Kyrkjebø fortel at sykkelutleige alt er på plass som eit tilbod i det framtidige aktivitetssenteret, men ho håpar at Høyanger kan ha langt meir å by på når senteret opnar dørene våren 2019.

– Eit rikt aktivitetstilbod vil vere avgjerande for å få eit levande aktivitetssenter. Vi ønskjer derfor å kome i kontakt med alle som kunne tenke seg å tilby turistar som kjem til Høyanger ulike typar opplevingar, og her er det definitivt lov å tenkje kreativt. Kva med guida fjellturar? Ulike typar aktivitetskurs? Kortreist mat? Det er mange kvalitetar ved og i Høyanger kommune som ein kan spele på i denne samanhengen. Om nokon skulle ha idéar eller tankar rundt prosjektet tar vi meir enn gjerne ein prat.

Noko på hjartet? Kontaktinformasjonen til HNU finner du her.