Turistguide

Høyanger kommune og HNU er i ferd med å utarbeide ein oversikt over overnattingstilbod og aktivitetar for turistar som besøkjer kommunen. Denne oversikten skal bli til ein plakat som skal hengast opp på utvalde knutepunkt og stadar der turistar typisk søkjer slik informasjon.

For at oversikten skal bli så komplett som mogleg og eit nyttig hjelpemiddel ønskjer vi innspel til oppføringar. Dei kan enten sendast til post@finurlig.no, eller leggast rett inn i dokumentet «Turistoversikt Høyanger kommune», som er å finne her.

Fristen for å komme med nye oppføringar er søndag 16. juni.

Ver obs på at:
– Utleigeeiningane på lista skal inngå i næringsverksemd og vere meint for utleige. Utleige av eigen privat bustad eller hytte i periodar, til dømes via Airbnb, kvalifiserer ikkje til å bli med på oversikten.
– Om du registrerer ein overnattingplass ønskjer vi kontaktinformasjon (telefon, e-post og nettadresse, om ein har det)
– Friluftsliv, turtilbod og offentlege anlegg som skular, barnehagar, kyrkjer osv. skal ikkje inn på denne oversikten.