Månadens bedrift på hnu.no

Tradisjon og framtid

Fakta

Bedrift:

Per A. Øren

Oppstartsår:

1925

Bransje:

Hovudsakleg innan transport og entreprenør

Tilsette:

ca. 70

Per A. Øren vart etablert for nesten 100 år sidan, men er framleis i aller høgste grad ei gründerbedrift. I front for ein viktig del av framtida til det tradisjonsrike selskapet finn vi unge og ambisiøse krefter.

I 2018 førte Per A. Øren opp eit «top of the line» betongblandeverk på området sitt på Vetleseten i Høyanger. Selskapet gjekk som så mange gongar før inn i det ukjente med ei framoverlent haldning, og så har vegen i ettertid blitt til medan dei har gått. Overraskingar og utfordringar har blitt handtert fortløpande, og i front for satsinga står 30 år gamle Martin, som er 4. generasjons Øren i familiedynastiet.

– Det viste seg å vere litt meir komplisert å drive eit betongblandeverk enn vi først trudde, og det kosta oss ein del meir enn vi budsjetterte med, men etter oppstarten har det gått veldig bra med fleire leveransar enn vi hadde rekna med. Vi kan levere betong etter nøyaktige spesifikasjonar frå kunden, og har eit framtidsretta anlegg som ligg langt framfor dagens krav, og som kan levere høgkvalitets betong i fleire tiår framover.

I kontrollrommet til blandeverket har den nyleg godkjente produksjons- og kontrolleiaren full kontroll over alle prosessar, og på laboratoriet blir betongen nøye inspisert, så dei er sikre på at leveransen er i tråd med bestillinga.

– Vi leverte faktisk 1500m3 med betong før blandeverket i det heile hadde kome i drift. Den måtte vi få frå eit anna blandeverk i Dale, og vi har heilt sidan oppstarten hatt eit godt samarbeid med både dei og andre blandeverk i regionen. Det er travelt i bransjen for tida, og eit godt kollegialt samhald gjer til at vi alle kan operere i den same marknaden.

Martin Øren har full kontroll over betongblandeverket til Per A. Øren frå kontrollrommet sitt. Betong er ikkje lengre berre betong, men kan ha ei rekkje ulike kvalitetar og eigenskapar.

Stor fleksibilitet

Historia til Per A. Øren er prega av mykje omstilling, både på eige initiativ og som følgje av hendingar i marknaden og i lokalsamfunnet. Dagleg leiar Per Andreas Øren fortel at ein ambisjon om å levere komplette løysingar til kundane har vore viktig for selskapet i alle år.

– Når større entreprenørar kontaktar oss for å undersøkje kva vi kan levere på prosjekt har vi ein ambisjon om å kunne tilby ei totalpakke. Om det er delar av ein leveranse dei må sjå etter andre stadar er det ein viss sjans for at dei og bestiller andre tenester som vi kan levere, så vi har stort fokus på å sei at vi ordnar det vi kan ordne, for så å finne dei konkrete løysingane i etterkant. Det medfører gjerne at vi må hente inn tenester frå andre innan felt som tømrararbeid, elektrisk arbeid, eller frå andre entreprenørar om vi ikkje har tilstrekkeleg med utstyr eller kapasitet sjølv. Vi har eit godt lokalt nettverk og har god tradisjon for å jobbe med andre lokale bedrifter for å saman levere eit solid sluttresultat til våre oppdragsgivarar.

Per A. Øren er kjent for å ha fleire bein å stå på, der landtransporten i dei karakteristiske lastebilane og entreprenørverksemda er dei to store bærebjelkane. Ein viktig suksessfaktor for selskapet har vore – og er – fleksibiliteten internt.

– På blandeverket er det til dømes berre Martin som jobbar fast, så «bookar» han inn fleire om det trengs under ulike operasjonar. Slik er det i bedrifta elles og. Vi disponerer dei ressursane vi har i form av mannskap og utstyr ut frå det som til ei kvar tid måtte vere behovet.

Noko anna som kjenneteiknar Per A. Øren sin fleksibilitet som bedrift, og som blandeverket også er eit godt døme på, er evna til å fortløpande tilpasse seg marknaden. I nokre tilfelle har dei og like godt skapt sin eigen marknad.

– Vi har lært at det ikkje nyttar å selje noko før ein har produktet klart, så ein må i nokre tilfelle skape etterspørselen sjølv. Eit døme på det er då vi starta opp med containerutleige. Den gangen kjøpte vi inn nokre containerar som vi tok med oss og demonstrerte nede på verket, og alt same dag vart den første containeren leigd ut. Vi prøver å vere i forkant og sjå kva marknaden vår kan ha nytte av når det kjem til nye løysingar og tenester.

Ulike betongprøvar blir tatt og analysert i laboratoriet i betongblandeverket. Etter 28 dagar skal betongen ha oppnådd den kvaliteten som oppdragsgivar har bestilt.

Utvidingsplanar

Det er for tida travel aktivitet på Vetleseten med betongproduksjon og ein imponerande utstyrpark med anleggsmaskiner og lastebilar klare til innsats. Då selskapet etablerte seg på Vetleseten i 2004 trudde dei at dei hadde all den plassen dei nokosinne måtte ha behov for, men no byrjar det å bli trangt på området. Med planar om eit nytt bygg på 540m2 som skal gjere arbeidskvardagen til bedrifta enklare og betre, vil det bli enno mindre boltreplass tilgjengeleg.

– Det nye garasjebygget, som vi alt har starta grunnarbeidet til, blir ein vaskehall og eit lagerbygg med eit støyperom tilknytt blandeverket. Om det blir betong til overs i ein leveranse nyttar vi gjerne den til å støype opp betongklossar som vi sel, og denne produksjonen blir enklare om vi får eit bygg å støype i. Det blir eit relativt enkelt bygg dette, og vil ikkje medføre behov for meir arbeidskraft i selskapet, men det er no nok eit steg i det konstante arbeidet vi har med å utvikle og forbetre oss. Vi har og opplevd utfordringar med frose vatn på vinterstid i samband med utstyr og betongbilar, noko vi vil få meir kontroll over med oppføringa av dette bygget.

Omtrent slik vil det nye garasjebygget på 540m2 til Per A. Øren som skal førast opp på Vetleseten bli sjåande ut.