Tommy Ølmheim er tilsett som prosjektleiar

Lokalpatrioten hadde eigentleg takka ja til ein annan jobb, men høvet til å drive utvikling i heimbygda vart for fristande.

Det var 14 personar som søkte på jobben som prosjektleiar/­forretningsutviklar som Høyanger Næringsutvikling lyste ut i byrjinga av desember, og av dei kandidatane vart det til slutt Tommy Ølmheim frå Høyanger som nådde heilt opp. Avtroppande næringssjef Terje Søreide er godt nøgd med å ha fått huka inn den rutinerte næringslivsleiaren.

– Vi trur at Tommy er rett mann på rett plass til rett tid. Han har brei og relevant erfaring, eit godt nettverk, og eit stort engasjement. Tommy har og mange gode personlege eigenskapar, slik som eit strategisk blikk og ein omgjengeleg væremåte, noko som garantert vil bli nyttig i jobben han no har starta i.

Ølmheim var eigentleg klar for å byrje i ein anna jobb i eit leiande internasjonalt selskap innan bygg og anlegg, men då stillinga som prosjektleiar/­forretningsutviklar i Høyanger dukka opp, måtte lokalpatrioten i tenkeboksen.

– Etter at det vart kjent at Nyrstar ville legge ned aktiviteten sin i Høyanger har eg mellom anna vore involvert i eit marknadsføringsarbeid knytt til moglegheitene for sirkulærøkonomisk prosessindustri i Høyanger. Dette har vore eit spanande prosjekt som det er mykje positiv energi rundt, og denne stillinga gir meg høve til å vidareføre dette arbeidet.

Alt i gong med planlegginga

Næringssjef Søreide har vore ein pådrivar for opprettinga av ei dedisert stilling som skal arbeide med Høyanger Næringspark og Leira Næringspark, og han ser no fram til å følgje arbeidet med desse næringsareala vidare.

– Vi meiner at næringsparkane i Høyanger har såpass mange fortrinn og stort potensial som lokalitetar for industri- og næringsaktivitet at vi no valde å satse litt ekstra på desse. Det vil ikkje vere opp til Tommy aleine å fylle parkane med meir aktivitet, men vi er veldig komfortable med å ha fått han inn i denne nøkkelrolla.

Ølmheim har jobba innan ei rekkje bransjar som olje og gass, infrastruktur og industri, og han har hatt leiarroller i alt frå mindre gründerbedrifter til internasjonale konsern. Han har også erfaring frå styrearbeid, mellom anna i NHO. Det skal med andre ord ikkje stå på kompetansen til den nye prosjektleiaren, og han er og alt i gong med litt intern idémyldring.

– Eg har nokre tankar og idéar, men eg ønskjer å bruke noko tid no i starten til å bli meir kjent med næringsparkane og få oversikt over moglegheitene som finst der, før eg går ut med konkrete planar. Men det er ingen tvil om at det er mykje spanande ein kan få til her, og vi held alle dører opne med tanke på kva aktivitet desse lokala kan fyllast med.

Tar ei vertskapsrolle

I tillegg til å vere fleksibel med tanke på bransjar fortel Ølmheim at det og skal vere rom for både store og små verksemder i næringsparkane.

– Det er mogleg å seksjonere ut mindre areal om det er verksemder som treng ein plass å vere, men som ikkje har bruk for heile bygg. Vi skal vere på tilbodssida i eit vertskapsrolle, og hjelpe til med å finne gode og riktige løysingar for dei som ønskjer å satse i Høyanger.

Og det er ikkje berre dei som lurar på å starte opp næringsaktivitet i Høyanger Ølmheim skal hjelpe. Han skal og hjelpe dei som alt er her.

– I denne stillinga ligg det og eit forretningsutviklaraspekt, så eg kjem og til å jobbe med aktørar som alt er etablerte. Det kan vere uforløyste utviklingspotensial i dei ulike bedriftene, og ein arbeidsplass som blir skapt i ei eksisterande verksemd er like viktig og positiv som ein arbeidsplass som kjem av ei nyetablering.

Søkjarar til stillinga som prosjektleiar/­forretningsutviklar

Helge Bergset, Hyllestad
Sander Indrebø, Høyanger
Morten Oen-Jamne, Førde
Kjetil Sæbø, Høyanger
Marius Frost, Trondheim
Tommy Ølmheim, Høyanger

Åtte av søkjarane ønskjer ikkje at namnet vert offentleggjort.

Søkjarar til stillinga som næringssjef

Kjartan Hauge, Leikanger
Lynn Malin Bergstrøm, Høyanger
Thor Hauge, Bergen
Per Fodnæss, Asker
May Britt Torsnes, Høyanger
Birgitta Hagen Kyrkjebø, Høyanger
Ingrid Heggø, Høyanger
Kjetil Skjeie, Steinsland
Jan Henning Øyehaug, Høyanger
Anders Vikøren, Vik