Månadens bedrift på hnu.no

Talknusarane

Fakta

Bedrift:

Løbø Rekneskap og Økonomi AS

Oppstartsår:

1993

Bransje:

Rekneskapstenester og økonomisk rådgiving

Tilsette:

5

Rekneskapsbransjen vart spådd overflødig under inntoget av digitale løysingar, men etterspurnaden etter Løbø Rekneskap og Økonomi AS sine tenester har berre gått opp.

Kva gjer ein som småbarnsmor med jobb i Førde når ein har eit ønskje om å kutte pendlinga? For Oddhild Løbø vart svaret å starte sitt eige rekneskapsbyrå, med kontor i heimen sin i Vadheim. Der held ho framleis til, men frå ein start med få kundar og kortare arbeidsdagar, har ho no fulle ordrebøker og fire tilsette.

– Vi har omlag 180 kundar der flesteparten er lokale verksemder, men vi har bedrifter frå nær sagt alle kantar av landet på kundelista. Veksten kom for alvor frå 2000-talet og utover, og behovet for fleire tilsette har kome gradvis. No er vi på det nivået vi ønskjer å vere. Vi tar sjølvsagt imot nye oppdrag, men vi har ikkje planar om å tilsette fleire.

Løbø fortel at dei aldri har marknadsført tenestene sine, og at veksten har «kome av seg sjølv».

– Det er nok jungeltelegrafen som har gått, og nye kundar har stort sett tatt kontakt med oss som følgje av tilrådingar frå eksisterande kundar. Dette gjeld lokalt, men og for kundar vi har andre stadar i landet. Vi har til dømes nyleg fått ein kjendis frå Oslo på kundelista, som oppdaga oss gjennom ei tilråding.

Langt frå overflødig

Med lanseringa av digitale rekneskapsløysingar skulle det bli langt enklare å drive bedrift, og i følgje reklamane er det nok med eit par kjappe tastetrykk når ein skal ta seg av eigen bedriftsøkonomi. Så enkelt er det nok ikkje.

– Det er gjerne langt meir å hugse på enn det folk er klar over, mellom anna med fristar som skal overhaldast. Vi har under koronakrisa sett fleire døme på firma som ønskjer å ta seg av økonomien sin sjølv, men som etter relativt kort tid har kome tilbake til oss. Det kan rett og slett bli for mykje å halde styr på, og vanskeleg å orientere seg i regelverk, fristar og skjema.

Situasjonen rundt koronakrisa har for Oddhild og dei andre gitt utslag i meir å gjere på rådgivningssida av tenestetilbodet deira.

– Det er mange nye ordningar no og store endringar for ein del av kundane våre, så vi har hatt travle dagar dei siste månadane med å svare på spørsmål og hjelpe bedrifter med å sette seg inn i støttetiltak og eigen økonomi. Så langt har ingen av «våre» gått konkurs, men vi ser at fleire kan få problem i sommarmånadane med utbetaling av feriepengar og innbetaling av meirverdiavgift.

Stabil gjeng

Løbø Rekneskap og Økonomi AS har valt å halde seg som eit kjedeuavhengig rekneskapsbyrå. Fagleg oppdatering får dei gjennom bransjeforeninga Regnskap Norge, og støttetenester dei har behov for kjøper dei frå gode samarbeidspartnarar.

– Det er alltid ein fare for at arbeidsoppgåver og arbeidsplassar blir flytta når ein er del av ei større kjede, så for oss har det vore viktig å ha ei solid lokal forankring og kontroll over eiga utvikling.

Solid er også eit adjektiv ein kan nytte om arbeidsstokken til Løbø Rekneskap og Økonomi AS, både når det kjem til fagkunnskap, men også når det gjeld stabilitet.

– Vi høyrer at det i Førde og mange andre stadar er svært vanskeleg å halde på tilsette over tid, men det problemet har ikkje vi. Vi som er her på kontoret har jobba saman over lang tid no, noko som gir mange fordelar både for oss og kundane våre, som likar å ha sine faste kontaktpersonar.

Eit godt arbeidsmiljø og tilsette som står på viser også igjen i det ikkje-eksisterande sjukefråværet i Løbø Rekneskap og Økonomi AS.

– Vi har eit samarbeid med Høyanger Bedriftshelseteneste som er innom kvar 14 dag for å gå igjennom arbeidsforholda våre og gje massasje. Det blir jo ein del stillesitting, så dette er ei investering i helsa som er vel verdt det.

Oddhild trur også at variasjonen i arbeidsoppgåver er med på å skape trivsel i bedrifta, og i bransjen generelt.

– Vi er nok i ein bransje med langt meir varierte arbeidsdagar enn det mange kanskje trur. Ingen dagar er like, og vi har ein ganske fleksibel arbeidskvardag. Det kan vere hektisk om vinteren når årsrekneskapar skal ferdigstillast, men rolegare andre delar av året.

Digital utvikling

Den digitale utviklinga har og gitt utslag for aktiviteten internt i rekneskapsbyråa, og gjengen i Vadheim er opptekne av å følgje med i tida.

– Vi er jo fem vaksne damer som ikkje nødvendigvis har den største interessa for datasystem, men vi får god hjelp til det tekniske av samarbeidspartnarar, så for oss handlar det i stor grad om å lære programvara. Det er mange system å velje i, og det kan vere vanskeleg å vite kva som er rett verktøy før ein har prøvd det ut, så vi har brukt ein del tid og ressursar på å finne dei beste løysingane for oss.

I ein digital arbeidskvardag er gode program viktig for arbeidsflyten, men kanskje vel så viktig er nettet ein jobbar på.

– Med auken i datamengda som skal opp og ned i løpet av ein arbeidsdag set det også større krav til internettkapasiteten, så fiber har etter kvart blitt heilt naudsynt. Her må vi gje honør til kommunen som skal gjennomføre utbygging av fiber i Vadheim i haust, noko som vil gjere oss betre i stand til å utføre jobben vår på ein så effektiv måte som mogleg.